Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Høgsongen 3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Om natta leita eg på lægjetetter han ¬som leikar i min hug.Eg leita, men fann han ikkje.

2. «Eg vil opp ¬og gå ikring i byenog leita på gater og torgetter han som leikar ¬i min hug.»Eg leita, men fann han ikkje.

3. Eg møtte vaktmennene ¬som sveiv ikring i byen:«Har de sett han ¬som leikar i min hug?»

4. Eg hadde ikkje før gått frå dei,så fann eg han ¬som leikar i min hug.Eg tok tak i han ¬og sleppte han ikkjefør eg fekk han inn ¬i huset åt mor mi,i koven åt ho som fødde meg.

5. Eg naudbed dykk, ¬Jerusalems døtrer,ved gasellane ¬og hindane i marka:Vekk ikkje kjærleiken!Eggja han ikkje ¬før sjølv han vil!

Brudgomen kjem

6. Kva er det som stig opp ¬frå øydemarkasom ei røyksøyle,omfløymd av angande myrra ¬og røykjelseog kræmarkrydder ¬av alle slag?

7. Sjå, det er Salomos berestolmed seksti kjemper ikringav Israels djervaste menn.

8. Alle er væpna med sverdog vel røynde i strid.Kvar mann ber sverd ved lendtil vern mot skræmsler i natta.

9. Kong Salomo laga ein berestolav tre frå Libanon.

10. Stengene gjorde han av sølvog ryggstøet av gull.Sessen er kledd med purpurog innsidene prydde med ler.

11. Kom ut, Jerusalems døtrer!Skoda kong Salomo, ¬Sions døtrer!Sjå krona som mor hansprydde han med ¬på bryllaupsdagen,hans hjartans glededag.