Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Høgsongen 1 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Salomos høgsong.

Lengt etter kjærleik

2. Gjev han ville kyssa megmed kyss av sin munn!Din kjærleik er betre enn vin.

3. Ljuvleg er dåmen ¬av dine salvar;ein angande salve ¬er ditt namn,difor held møyane av deg.

4. Ta meg med! ¬Kom, lat oss springa!Kongen har ført meg ¬inn i sin kove.Vi vil fegnast ¬og gleda oss over degog prisa din kjærleik ¬meir enn vin.Hugheilt elskar dei deg.

Svart, men ven

5. Svart er eg, men ven,de Jerusalems møyar,som Kedars tjeldbuer,som Salomos tjelddukar.

6. Sjå ikkje på at eg er så svart,at sola har brent meg.Sønene åt mor mi ¬harmast på meg,dei sette meg ¬til å vakta vingardane.Min eigen vingard ¬har eg ikkje vakta.

Kvar gjæter du di hjord?

7. «Sei meg, ¬du som eg har så kjær,kvar gjæter du di hjord?Kvar lèt du henne kvila ¬ved middagstid?Kvi skal eg gå ¬som ei kvinne med slørder venene dine ¬gjæter si hjord?»

8. «Veit du det ikkje,du fagraste av kvinner,så fylg berre faret etter flokken,og lat dine kje få beitainnmed hyrdingbuene!»

Kor fager du er, min hugnad!

9. «Med folane for faraos vognervil eg likna deg, min hugnad.

10. Vene er dine kinn, ¬prydde med band,og din hals med perler.

11. Lekkjer av gull skal vi laga degog med sølvperler på.»

12. Ljuvleg angar ¬min nardussalveså lenge kongen er med i laget.

13. Min ven er lik myrrabuntensom kviler ved min barm.

14. Min ven ¬er som ein blømande kvistpå hennabusken ¬i En-Gedis hagar.

15. «Kor fager du er, min ven,ja, fager med augo som duer!»

16. «Kor fager du er, min ven,kor yndefull du er!Og vårt lægje ¬er grornæmt og grønt.

17. Sedrar er bjelkar i vårt hus,sypressar er tak og himling.»