Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Elisja hjelper ei enkje

1. Ei kvinne som hadde vore gift med ein av profetsveinane, ropa ein gong til Elisja: «Mannen min, som var tenaren din, er død. Du veit at han var ein mann som hadde age for Herren. Men no kjem ein som han stod i skuld til, og vil ta begge sønene mine til trælar.»

2. Elisja sa til henne: «Kva kan eg gjera for deg? Sei meg kva du har i huset!» Ho svara: «Tenestkvinna di har ikkje anna i huset enn ei krus med olje.»

3. Då sa han: «Gå til alle grannane dine og lån deg kar, så mange tome kar som du kan få tak i.

4. Gå så inn og steng døra etter deg og sønene dine! Slå olje i alle desse kara, og set dei bort når dei er fulle!»

5. Kvinna gjekk frå han, og ho stengde døra etter seg og sønene sine. Dei bar kara bort til henne, og ho slo olje i dei.

6. Då kara var fulle, sa ho til ein av sønene: «Lat meg få eit kar til!» Men han svara: «Her er ikkje fleire.» Då heldt oljen opp å renna.

7. Ho gjekk og fortalde dette til gudsmannen. Han sa: «Gå av stad og sel oljen, og betal skulda di! Så kan du og sønene dine leva av det som vert att.»

Elisja og kvinna frå Sjunem

8. Ein dag gjekk Elisja over til Sjunem. Der var det ei velståande kvinne som nøydde han til å eta hjå seg. Og sidan tok han inn der og fekk seg mat kvar gong han fór den vegen.

9. Ein gong sa ho til mannen sin: «Høyr her! Eg veit at han som støtt kjem innom oss, er ein heilag gudsmann.

10. Lat oss byggja eit lite takkammer til han og setja inn ei seng, eit bord, ein stol og ein ljosestake. Så kan han ta inn der når han kjem til oss.»

11. Ein dag profeten kom dit, tok han inn i takkammeret og la seg der.

12. Så sa han til Gehasi, tenaren sin: «Ropa på denne Sjunem-kvinna!» Han så gjorde, og ho kom bort til han.

13. Elisja sa til han: «Sei til henne: Du har hatt mykje bry for vår skuld. Kva kan eg gjera for deg? Kan eg leggja inn eit godt ord for deg hjå kongen eller hærføraren?» Men ho svara: «Eg bur då midt iblant mitt eige folk.»

14. «Kva kan eg så gjera for henne?» spurde profeten. Gehasi svara: «Ho har ingen son, og mannen hennar er gamal.»

15. Då sa Elisja: «Bed henne koma!» Han så gjorde, og ho kom og vart ståande i døra.

16. Profeten sa: «Til års på denne tid skal du ha ein son i armane.» Men ho svara: «Nei, herre, du som er ein gudsmann, må ikkje narra tenestkvinna di!»

17. Kvinna vart med barn, og året etter, på same tid, fekk ho ein son, som Elisja hadde sagt henne.

18. Då guten voks opp, hende det ein dag at han gjekk ut til far sin, som arbeidde saman med onnefolket.

19. Best det var, sa han til faren: «Å, eg har så vondt i hovudet!» Då sa faren til gardsguten: «Ber han heim til mor hans!»

20. Gardsguten lyfte han opp og bar han heim til mora, og guten sat på fanget hennar til middag; då døydde han.

21. Ho gjekk opp og la han på senga til gudsmannen. Så stengde ho døra og gjekk ut.

22. Kona ropa på mannen sin og sa: «Send ein av tenestgutane til meg med eit esel! Eg skal skunda meg til gudsmannen, og så kjem eg att.»

23. Han spurde: «Kvifor vil du fara dit i dag? Det er då korkje nymånedag eller sabbat.» Ho svara: «Lat meg fara likevel!»

24. Så sala ho eselet og sa til tenestguten: «Driv det av garde, og stogga meg ikkje medan eg rid, utan at eg bed deg om det.»

25. Så tok kvinna i veg og kom til gudsmannen på Karmel-fjellet. Då han såg henne langt borte, sa han til Gehasi, tenaren sin: «Sjå, der kjem kvinna frå Sjunem!

26. Spring til møtes med henne og sei: Står det bra til med deg og mannen din og guten?» «Ja, det står bra til,» svara ho.

27. Då ho kom opp på fjellet til gudsmannen, tok ho om føtene hans. Gehasi gjekk fram og ville jaga henne bort. Men gudsmannen sa: «Lat henne vera! Ho ber på ei sorg, men Herren har løynt det for meg og har ikkje late meg få vita det.»

28. Kvinna sa: «Har eg bede deg om ein son, herre? Eg sa då at du ikkje måtte narra meg.»

29. Då sa Elisja til Gehasi: «Spenn beltet om livet, ta staven min i handa og gå av stad! Møter du nokon på vegen, så helsa ikkje på han, og helsar nokon på deg, så svara han ikkje! Du skal leggja staven min over andletet åt guten.»

30. Mor til guten sa: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg går ikkje frå deg!» Då stod profeten opp og fylgde henne.

31. Gehasi fór føre dei og la staven over andletet åt guten. Men det var ikkje ein lyd å høyra, ikkje eit livsteikn å sjå. Så gjekk han attende, og då han møtte Elisja, fortalde han at guten ikkje hadde vakna.

32. Då Elisja kom fram til huset, fekk han sjå at guten låg livlaus i senga.

33. Han gjekk inn og stengde døra, så han vart åleine med guten. Han bad til Herren,

34. og så steig han opp i senga og la seg over guten med munnen mot hans munn, augo mot hans augo og hendene mot hans hender. Då han bøygde seg ned over han, vart kroppen åt guten varm.

35. Så stod han opp og gjekk ein gong att og fram i huset. Då han steig opp i senga att og bøygde seg over guten, naus han sju gonger og slo opp augo.

36. Elisja ropa på Gehasi og sa: «Bed kvinna koma!» Han så gjorde, og ho kom. Då sa profeten: «Ta guten din!»

37. Ho kom og kasta seg ned for føtene hans og bøygde seg med andletet mot jorda. Så tok ho guten sin og gjekk.

Elisja gjer under med mat

38. Elisja fór attende til Gilgal. På den tid var det uår i landet. Ein gong medan profetsveinane sat framfor han, sa han til tenaren sin: «Set over den store gryta og kok mat til profetsveinane!»

39. Då gjekk ein av dei ut på marka og ville sanka etande vokstrar. Han fann ei ranke med ville agurkar. Av dei plukka han så mange at han fekk kappa full. Då han kom inn, skar han dei opp og hadde dei i gryta, utan at nokon visste kva det var.

40. Dei auste opp til mennene og bad dei eta. Men då dei smaka på maten, skreik dei opp og ropa: «Det er død i gryta, gudsmann!» Og dei kunne ikkje eta det.

41. Då sa Elisja: «Henta litt mjøl!» Det hadde han opp i gryta og sa: «Aus no opp til folket, så dei får eta.» Då var det ikkje lenger noko farleg i gryta.

42. Ein dag kom det ein mann frå Ba’al-Sjalisja. Han hadde med seg brød til gudsmannen, tjue byggbrød som var baka av fyrstegrøda. Nyhausta korn hadde han òg i skreppa. Då sa Elisja: «Gjev det til folket, så dei får eta.»

43. Men tenaren hans sa: «Korleis kan eg setja fram dette for hundre mann?» Han svara: «Gjev det til folket, så dei får eta. For så seier Herren: Dei skal eta og få meir enn nok.»

44. Så sette han det fram for dei. Dei åt, og det vart meir enn nok, som Herren hadde sagt.