Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Templet vert sett i stand

1. Det var i det sjuande styringsåret åt Jehu at Joasj vart konge, og han styrte i Jerusalem i førti år. Mor hans heitte Sibja og var frå Be’er-Sjeba.

2. Joasj gjorde alltid det som rett var i Herrens augo, så lenge presten Jojada rettleidde han.

3. Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram med å slakta og ofra på haugane.

4. Joasj sa til prestane: «Alle dei heilage gåvene som kjem inn til Herrens hus i pengar, både det som kvar einskild er ilikna i skatt, og det som nokon sjølvmint kjem til Herrens hus med,

5. det skal prestane ta imot, kvar frå dei han kjenner. Så skal dei setja Herrens hus i stand, alle stader der det er skadt.

6. Men i det tjuetredje året Joasj var konge, hadde prestane endå ikkje vølt templet der det var skadt.

7. Då kalla kong Joasj presten Jojada og dei andre prestane til seg og sa: «Kvifor bøter de ikkje brestene i Herrens hus? No skal de ikkje lenger ta imot pengar av kjenningane dykkar, men gje dei frå dykk, så templet kan setjast i stand.»

8. Prestane gjekk med på at dei ikkje skulle ta imot pengar av folket lenger. Men så skulle dei heller ikkje vøla templet.

9. No tok presten Jojada ei kiste, bora hol i loket og sette henne attmed altaret, på høgre sida av inngangen til templet. I den la prestane som heldt vakt ved inngangen, alle pengane som kom inn til Herrens hus.

10. Når dei såg at det var mange pengar i kista, kom skrivaren åt kongen og overpresten; dei samla pengane som fanst i Herrens hus, og talde dei opp.

11. Så vog dei opp pengane og gav dei til arbeidsleiarane som hadde tilsyn med Herrens hus. Og dei gav dei til tømmermennene og bygningsmennene som arbeidde på huset,

12. og til murarane og steinhoggarane. Desse pengane nytta dei òg til å kjøpa trevyrke og hoggen stein, så dei kunne setja Herrens hus i stand att. Såleis greidde dei alle utgiftene då templet skulle vølast.

13. Men dei pengane som kom inn til templet, vart ikkje nytta til å laga sølvbollar, knivar, offerskåler, trompetar eller noko slag kar av gull eller sølv.

14. Pengane vart gjevne til arbeidsleiarane, som nytta dei til å vøla på Herrens hus.

15. Ingen heldt rekneskap med dei mennene som tok imot pengane og gav dei til arbeidsleiarane; for dei fór ærleg fram.

16. Men pengane som kom inn ved skuldoffer og syndoffer, gjekk ikkje til Herrens hus; dei fekk prestane.

17. På den tid gjorde aramearkongen Hasael ei hærferd mot Gat. Då han hadde teke byen, sette han seg føre å gå mot Jerusalem.

18. Då tok Joasj, Juda-kongen, alle dei heilage tinga som fedrane hans, Juda-kongane Josjafat, Joram og Akasja, hadde vigt til templet, og det han sjølv hadde vigt. Saman med alt gullet og sølvet som fanst i skattkammera, både i Herrens hus og i kongsgarden, sende han det til Hasael, aramearkongen. Då drog han bort og gjekk ikkje mot Jerusalem.

19. Det som elles er å seia om Joasj og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.

20. Mennene åt kongen reiste seg mot han og fekk til ei samansverjing. Dei drap Joasj i Millo-huset, då han var på veg ned til Silla.

21. Dei kongsmennene som drap han, var Josakar, son til Sjimat, og Josabad, son til Sjomer. Då han var død, gravla dei han hjå fedrane hans i Davids-byen, og Amasja, son hans, vart konge etter han.