Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Juda-kongane Manasse og Amon

1. Manasse var tolv år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtifem år. Mor hans heitte Hefsiba.

2. Manasse gjorde det som vondt var i Herrens augo, og tok etter all den styggedomen som dei fór med, dei folkeslaga Herren hadde drive bort for israelittane.

3. Han bygde opp att offerhaugane som Hiskia, far hans, hadde øydelagt. Han reiste altar for Ba’al og laga Asjera-pålar, liksom Akab, kongen i Israel, hadde gjort. Og han tilbad og dyrka heile himmelhæren.

4. Jamvel i Herrens hus bygde han slike altar, endå Herren hadde sagt: «I Jerusalem vil eg la namnet mitt bu.»

5. I begge føregardane til templet bygde han altar for heile himmelhæren.

6. Manasse lét son sin gå gjennom elden. Han dreiv med teikntyding og spådomskunster og fekk seg åndemanarar og spåmenn. Han gjorde mykje som var vondt i Herrens augo, og eggja han til harme.

7. Asjera-biletet som Manasse hadde laga, sette han opp i det huset Herren hadde tala så om til David og Salomo, son hans: «I dette huset, i Jerusalem, som eg har valt ut mellom alle Israels-ættene, vil eg la namnet mitt bu til evig tid.

8. Og eg vil aldri meir la Israel fara heimlaus bort frå det landet eg gav fedrane deira, så sant dei legg vinn på å gjera alt det eg har sagt dei føre, og lever etter heile den lova som Moses, tenaren min, gav dei.»

9. Men dei ville ikkje høyra, og Manasse førte dei vilt, så dei gjorde endå meir vondt enn dei folkeslaga som Herren hadde rudt ut for israelittane.

10. Då tala Herren gjennom tenarane sine, profetane, og sa:

11. Fordi Manasse, Juda-kongen, har gjort så stygge ting, ting som er verre enn alt det amorittane før han gjorde, og med si avgudsdyrking har lokka Juda òg til synd,

12. difor seier Herren, Israels Gud: No vil eg føra slik ulukke over Jerusalem og Juda at det ringjer for øyro på alle som høyrer om det.

13. Eg vil spenna same mælesnora over Jerusalem som over Samaria og bruka same vektloddet som mot Akabs ætt. Eg vil turka bort Jerusalem som når ein turkar av eit fat og snur det opp ned.

14. Eg vil ikkje meir bry meg om dei som er att av folket mitt, men gje dei i hendene på fiendane deira, så dei alle kan røva og plyndra dei.

15. Så skal det gå fordi dei har gjort det som vondt er i mine augo, og harma meg frå den dagen fedrane deira drog ut or Egypt, og til denne dag.

16. Elles tok Manasse livet av mange skuldlause menn; han fylte Jerusalem med blod frå ende til annan. Han fekk òg judearane med på si synd, og dei gjorde det som vondt var i Herrens augo.

17. Det som elles er å seia om Manasse og alt det han gjorde, og all synda hans, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.

18. Manasse gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Ussa-hagen, som låg attmed slottet hans, og Amon, son hans, vart konge etter han.

19. Amon var tjueto år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i to år. Mor hans heitte Mesjullemet og var dotter til Harus frå Jotba.

20. Amon gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom Manasse, far hans.

21. Han fór i alle måtar så fram som far hans hadde gjort. Han dyrka dei same avgudane som faren og bøygde seg og tilbad dei.

22. Han gjekk bort frå Herren, sine fedrars Gud, og ferdast ikkje på Herrens veg.

23. Mennene til Amon svor seg saman mot han, og dei drap kongen i hans eige hus.

24. Men folket i landet slo i hel alle som hadde svore seg saman mot kong Amon, og så tok dei Josjia, son hans, til konge etter han.

25. Det som elles er å seia om Amon og det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.

26. Amon vart lagd i grava si i Ussa-hagen, og Josjia, son hans, vart konge etter han.