Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I hans dagar gjorde Nebukadnesar, kongen i Babylonia, ei hærferd. Jojakim gav seg under han og lydde han i tre år, men så gjorde han opprør.

2. Då sende Herren herjeflokkar imot han, kaldearar, aramearar, moabittar og ammonittar. Han sende dei mot Juda av di han ville gjera ende på folket. For så lydde det ordet som Herren hadde tala gjennom tenarane sine, profetane.

3. Det som hende med Juda, var heilt etter Herrens ord. Såleis ville han støyta dei bort frå seg på grunn av alle dei syndene Manasse hadde gjort.

4. Han tok då livet av så mange skuldlause menn at han fylte Jerusalem med blod. Og det ville Herren ikkje tilgje.

5. Det som elles er å seia om Jojakim og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.

6. Jojakim gjekk til kvile hjå fedrane sine, og Jojakin, son hans, vart konge etter han.

7. Kongen i Egypt drog ikkje ut or landet sitt meir; for babylonarkongen hadde teke alt land som høyrde han til, frå Egyptarbekken til Eufrat.

Nebukadnesar tek Jerusalem

8. Jojakin var atten år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader. Mor hans heitte Nehusjta og var dotter til Elnatan frå Jerusalem.

9. Jojakin gjorde det som vondt var i Herrens augo, heilt og fullt som far hans hadde gjort.

10. På den tid drog mennene til Nebukadnesar, kongen i Babylonia, i hærferd mot Jerusalem, og byen vart kringsett.

11. Sidan kom Nebukadnesar sjølv dit, medan mennene hans låg ikring byen.

12. Då gav Jojakin, Juda-kongen, seg over til babylonarkongen saman med mor si og mennene, hovdingane og hoffmennene sine. Og babylonarkongen tok han til fange i det åttande styringsåret sitt.

13. Nebukadnesar førte bort alle skattane i Herrens hus og i kongsgarden og braut gullet av alle dei kar som Salomo, Israels-kongen, hadde fått laga til Herrens tempel. Det gjekk som Herren hadde sagt.

14. Han førte bort alt folket i Jerusalem, alle hovdingane og rikmennene – ein fangeflokk på ti tusen – og alle handverkarane og smedane. Berre dei lågaste laga av folket vart att.

15. Jojakin førte han òg til Babylonia. Og mor til kongen og konene hans, hoffmennene og dei mektigaste mennene i landet vart tvinga til å fara frå Jerusalem til Babylonia.

16. Rikmennene, sju tusen i talet, og handverkarane og smedane, eitt tusen mann, som alle var øvde krigarar, dei òg førte Nebukadnesar til Babylonia.

17. I staden for Jojakin sette babylonarkongen Mattanja, farbror hans, til konge og endra namnet hans til Sidkia.

18. Sidkia var tjueein år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Mor hans heitte Hamutal og var dotter til Jeremia frå Libna.

19. Sidkia gjorde det som vondt var i Herrens augo, heilt og fullt som Jojakim hadde gjort.

20. Fordi Herren var vreid på Jerusalem og Juda, gjekk det som det gjorde. Og til sist kasta han dei bort frå sitt åsyn.Sidkia gjorde opprør mot babylonarkongen.