Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då drog Nebukadnesar med heile hæren sin mot Jerusalem. Det var i det niande styringsåret åt Sidkia, den tiande dagen i den tiande månaden. Dei slo leir utfor byen og kasta opp ein voll rundt han.

2. Dei heldt byen kringsett til ellevte styringsåret åt kong Sidkia.

3. Den niande dagen i den fjerde månaden, då hungersnauda var som verst, og folket ikkje hadde meir mat,

4. braut fienden inn i byen. Om natta rømde alle stridsmennene gjennom porten mellom dei to murane, attmed kongshagen, endå kaldearane låg rundt ikring byen. Og kongen tok vegen mot Jordan-dalen.

5. Men kaldearhæren sette etter kongen og nådde han att på moane ved Jeriko. Då hadde heile hæren rømt frå han og var spreidd.

6. Kaldearane greip kongen og førte han opp til Ribla, til babylonarkongen, som felte domen over han.

7. Han drap sønene til Sidkia medan far deira såg på. Så lét han Sidkia blinda, batt han med bronselekkjer og førte han til Babylon.

8. Den sjuande dagen i den femte månaden – det var i det nittande styringsåret til Nebukadnesar – kom ein av mennene åt babylonarkongen til Jerusalem. Han heitte Nebusaradan og var hovding over livvakta.

9. Nebusaradan sette eld på Herrens hus og kongsgarden. Og alle dei andre husa i Jerusalem brende han, jamvel dei som høyrde stormennene til.

10. Og heile kaldearhæren, som livvakthovdingen hadde med seg, reiv ned murane kring Jerusalem.

11. Så førte Nebusaradan bort dei som var att i byen, og dei som hadde falle frå og gått over til babylonarkongen, og resten av folket.

12. Berre ein del av småkårsfolket i landet fekk vera att; dei skulle arbeida i vingardane og på åkrane.

13. Kaldearane slo sund bronsesøylene framfor Herrens hus, fotstykka for offerkjelane og bronsehavet som stod der. All bronsen førte dei til Babylonia.

14. Dei tok oskefata og eldskuflene, ljosesaksene og røykjelsesskålene og alle dei andre bronsekara som hadde vore nytta i gudstenesta.

15. Livvakthovdingen tok òg med seg glopannene og offerskålene, alt som var av gull og sølv.

16. I alt det som kong Salomo hadde laga til Herrens hus, dei to søylene, det eine havet og fotstykka, var det så mykje bronse at han ikkje kunne vegast.

17. Den eine søyla var atten alner høg og hadde eit søylehovud av bronse, som var tre alner høgt. Rundt ikring på søylehovudet var det flettverk og granateple, alt saman av bronse. Sameleis var det med den andre søyla; den òg hadde flettverk.

18. Hovdingen over livvakta tok med seg overpresten Seraja, andrepresten Sefanja og dei tre dørvaktarane.

19. Frå byen tok han med seg ein hoffmann, som hadde tilsyn med stridsmennene, fem av kongens fremste tenestemenn, som endå var i byen, dessutan skrivaren åt hærføraren, han som skreiv ut folk i landet til krigsteneste, og seksti mann av det vanlege folket som fanst i byen.

20. Alle desse tok Nebusaradan, hovdingen over livvakta, med seg. Han førte dei til babylonarkongen i Ribla.

21. Og han slo dei i hel der, i Ribla i Hamat-landet. Såleis vart folket i Juda bortført frå landet sitt.

Gedalja, styresmannen i Juda

22. Nebukadnesar, kongen i Babylonia, sette Gedalja, son til Ahikam Sjafansson, til å styra det folket som var att i Juda, dei som han hadde late vera att.

23. Då alle hærførarane og mennene deira fekk høyra at kongen hadde sett Gedalja til styresmann, kom dei til han i Mispa: Ismael, son til Netanja, Johanan, son til Kareah, Seraja, son til Tanhumet frå Netofa, og Ja’asanja, son til ein mann frå Ma’aka. Alle kom dei med mennene sine.

24. Gedalja gjorde eid til dei og mennene deira og sa: «Ver ikkje redde kaldearane! Ver her i landet og ten babylonarkongen, så skal det gå dykk vel.»

25. Men i den sjuande månaden kom Ismael, son til Netanja Elisjamason, som høyrde kongsætta til, og han hadde med seg ti mann. Dei drap Gedalja og dei judearane og kaldearane som var hjå han i Mispa.

26. Då tok alt folket ut, både små og store, og hærførarane med dei. Dei fór til Egypt; for dei var redde kaldearane.

Babylonarkongen tek kong Jojakin til nåde

27. I det trettisjuande året etter at Jojakin, Juda-kongen, var bortført, den tjuesjuande dagen i den tolvte månaden, hende det at Evilmerodak, kongen i Babylonia – same året som han vart konge – tok kong Jojakin til nåde og henta han ut or fengslet.

28. Han tala venleg med han og lét han få sitja høgare oppe enn dei andre kongane som var hjå han i Babylon.

29. Jojakin fekk leggja av fangebunaden, og sidan gjekk han støtt til kongens bord, så lenge han levde.

30. Det han trong til livsopphald, fekk han jamleg frå kongen, dag for dag så lenge han levde.