Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Kong Hosea og Samarias fall

1. I det tolvte året Akas var konge i Juda, vart Hosea, son til Ela, konge i Israel. Han styrte i Samaria i ni år.

2. Hosea gjorde det som vondt var i Herrens augo, men bar seg ikkje så ille åt som Israels-kongane før han.

3. Salmanassar, kongen i Assyria, gjorde ei hærferd mot han, og Hosea laut gje seg under han og svara skatt.

4. Men sidan fekk assyrarkongen greie på at Hosea var med på ei samansverjing. Han hadde sendt bod til egyptarkongen i Sa’is og betalte ikkje lenger den årlege skatten til assyrarkongen. Då greip assyrarkongen han og sette han i fengsel.

5. Så drog han inn i landet og gjekk mot Samaria, som han heldt kringsett i tre år.

6. I det niande styringsåret åt Hosea tok assyrarkongen Samaria og førte israelittane bort til Assyria. Han lét dei busetja seg i Halak og bortmed Habor, ei elv i Gosan, og i byane i Media.

7. Såleis gjekk det fordi israelittane synda mot Herren sin Gud, han som hadde ført dei opp frå Egypt og fria dei frå farao, egyptarkongen, og hans velde. Dei ottast andre gudar

8. og fylgde skikkane åt dei folka som Herren hadde drive ut for israelittane, og bar seg åt som kongane deira hadde gjort.

9. Israelittane fann på usømelege ting som var Herren deira Gud imot. Dei bygde offerhaugar i alle byane sine, anten det var stader med vakttårn eller det var festningsbyar.

10. Dei reiste steinstøtter og Asjera-pålar på kvar høg haug og under kvart grønt tre.

11. På alle desse haugane brende dei offer, liksom dei folkeslaga Herren hadde drive bort for dei. Og dei gjorde mykje anna vondt som harma Herren.

12. Dei dyrka avgudar, endå Herren hadde sagt til dei: «Det skal de ikkje gjera!»

13. Herren åtvara Israel og Juda gjennom alle profetane og sjåarane sine. Han sa: «Vend om frå dykkar vonde ferd! Hald boda og føresegnene mine, i samsvar med heile den lova eg gav fedrane dykkar og sende dykk gjennom tenarane mine, profetane.»

14. Men dei ville ikkje høyra. Dei var stridlyndte liksom fedrane deira, som ikkje trudde på Herren sin Gud.

15. Dei vraka føreskriftene hans; dei vanvørde den pakta han hadde gjort med fedrane deira, og dei åtvaringane han hadde gjeve dei. Dei heldt seg til gudar som ikkje duger, og vart duglause sjølve. Dei gjorde som folkeslaga ikring dei, endå Herren hadde sagt: «De skal ikkje gjera som dei!»

16. Dei brydde seg ikkje om alle dei boda som Herren deira Gud hadde gjeve dei. Dei laga seg støypte bilete, to kalvar, og reiste ein Asjera-påle. Dei bøygde seg og tilbad heile himmelhæren og dyrka Ba’al.

17. Dei lét sønene og døtrene sine gå gjennom elden, tok varsel og dreiv med spådomskunster. Dei selde seg til å gjera det som vondt var i Herrens augo, og såleis vekte dei hans harme.

18. Difor vart Herren brennande harm på israelittane og støytte dei frå seg. Berre Juda-ætta vart att.

19. Men heller ikkje Juda heldt dei bod som Herren deira Gud hadde gjeve. Dei fylgde dei skikkane som israelittane hadde ført inn.

20. Difor vraka Herren heile Israels-ætta. Han fór hardt fram mot dei, gav dei i hendene på ransmenn og kasta dei til sist frå seg.

21. Den gongen Herren reiv Israel laus frå Davids hus, tok dei Jeroboam Nebatsson til konge. Jeroboam førte israelittane vilt, så dei ikkje fylgde Herren; han fekk dei til å gjera ei stor synd.

22. Israelittane gjorde dei same syndene som Jeroboam og heldt ikkje opp med det.

23. Til sist støytte Herren dei frå seg, som han hadde varsla gjennom alle tenarane sine, profetane. Israelittane vart bortførte frå landet sitt til Assyria, og der har dei vore til denne dag.

Den nye gudsdyrkinga i Samaria

24. Kongen i Assyria henta folk frå Babylon, Kuta, Avva, Hamat og Sefarvajim og lét dei busetja seg i byane i Samaria i staden for israelittane. Dei tok Samaria i eige og slo seg ned i byane der.

25. Den fyrste tida dei budde der, hadde dei ikkje age for Herren. Difor sende Herren løver inn mellom dei, og løvene drap mange av dei.

26. Då sa dei til assyrarkongen: «Dei folka som du førte bort og lét busetja seg i byane i Samaria, veit ikkje korleis dei skal dyrka guden her i landet. Difor har han sendt løver inn mellom dei, og løvene drep dei, fordi dei ikkje veit korleis guden i landet skal dyrkast.»

27. Då sa assyrarkongen til mennene sine: «Send ein av dei prestane som de har ført bort frå landet! Lat han fara av stad og busetja seg der, og så skal han læra folket korleis guden i landet skal dyrkast.»

28. Så kom ein av prestane som dei hadde ført bort frå Samaria, og busette seg i Betel. Han lærte folket korleis dei skulle ottast Herren.

29. Desse folka hadde laga seg kvar sin gud og sett dei i eigne hus som mennene i Samaria hadde bygt på haugane. Det gjorde kvart folk i dei byane dei budde i.

30. Mennene frå Babylon laga eit bilete av Sukkot-Benot, mennene frå Kut eit bilete av Nergal og mennene frå Hamat eit bilete av Asjima.

31. Folk frå Avva laga bilete av Nibhas og Tartak, og dei som kom frå Sefarvajim, brende sønene sine i elden for Adrammelek og Anammelek, gudane i Sefarvajim.

32. Dei hadde nok age for Herren, men sette nokre av sine eigne folk til prestar på haugane, og dei bar fram offer for dei i husa der.

33. Samstundes som dei hadde age for Herren, dyrka dei sine eigne gudar på same vis som dei folkeslaga dei var bortførte frå.

34. Til denne dag har dei fylgt dei gamle skikkane sine. Dei har ikkje age for Herren og held seg ikkje etter dei føresegnene og reglane dei har fått, dei lovene og boda Herren har gjeve etterkomarane etter Jakob, som han gav namnet Israel.

35. Herren gjorde ei pakt med dei og gav dei dette bodet: «De skal ikkje ottast andre gudar, ikkje bøya dykk og tilbe dei og ikkje dyrka dei eller ofra til dei.

36. Men Herren, som førte dykk opp frå Egypt med stor styrke og med strak arm, han skal de ottast. Han skal de bøya dykk for og tilbe, og til han skal de ofra.

37. Dei føresegnene og reglane, dei lovene og boda som han skreiv opp åt dykk, skal de alltid leggja vinn på å leva etter. Og de må ikkje ottast andre gudar.

38. Gløym ikkje den pakta eg gjorde med dykk, og ottast ikkje andre gudar!

39. Berre Herren dykkar Gud skal de ottast; så vil han berga dykk frå alle fiendane dykkar.»

40. Men dei ville ikkje høyra på Herren. Dei bar seg åt på same vis som før.

41. Så hadde nok desse framande folka age for Herren, men dyrka samstundes gudebileta sine. Og borna og barneborna deira har gjort som fedrane sine til denne dag.