Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Herren kallar Jesaja til profet

1. I det året då kong Ussia døydde, såg eg Herren sitja på ei høg og opphøgd trone, og kanten på kappa hans fylte tempelet.

2. Serafar stod andsynes han. Kvar av dei hadde seks venger. Med to dekte dei andletet, med to dekte dei føtene, og med to flaug dei.

3. Dei ropa til kvarandre:«Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot.Heile jorda er full av hans herlegdom.»

4. Røysta som ropa, fekk boltane i dørtersklane til å rista, og huset vart fylt av røyk.

5. Då sa eg:«Ve meg! Det er ute med meg.For eg er ein mann med ureine lepper,og eg bur i eit folk med ureine lepper,og auga mine har sett kongen, Herren over hærskarane.»

6. Då flaug ein av serafane bort til meg. I handa hadde han ei glo som han hadde teke med ei tong frå altaret.

7. Med den rørte han ved munnen min og sa:«Sjå, denne har rørt ved leppene dine.Di skuld er borte, og di synd er sona.»

8. Då høyrde eg Herrens røyst. Han sa:«Kven skal eg senda,og kven vil gå for oss?»Eg sa: «Eg! Send meg!»

9. Han sa:«Gå og sei til dette folket:De skal høyra og høyra, men ikkje forstå,sjå og sjå, men ikkje skjøna!

10. Gjer hjartet til dette folket feitt,gjer øyra tungeog klin auga att,så dei ikkje kan sjå med auga,ikkje høyra med øyra,ikkje forstå med hjartetog ikkje venda om og bli lækte!»

11. Då sa eg: «Kor lenge, Herre?» Han sa:«Til byane ligg aude utan folkog husa er utan menneskeog landet ligg audt, ei øydemark.»

12. Og Herren skal senda menneska langt bort,audt og forlate skal landet bli.

13. Er det enno att ein tiandedel,skal den òg brennast oppsom når ei eik eller terebinte blir feltog berre ein stubbe står att.Den stubben er ei heilag ætt.