Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Den dagen skal sju kvinnergripa tak i same mann og seia:«Brød og klede skal vi skaffa oss sjølve,berre vi får bera ditt namn.Ta vår vanære bort!»

Sions framtid

2. Den dagen skal Herrens spirebli til herlegdom og æreog frukta i landet til stordom og heiderfor dei som slapp unna i Israel.

3. Resten som er på Sion,og som er att i Jerusalem,skal kallast heilag,kvar og ein i Jerusalem som er oppskriven til livet.

4. Herren skal vaska skiten av Sions døtrerog skylja bort alt blodet frå Jerusalemmed Anden som dømmer,med Anden som reinsar.

5. Så skal Herren skapaei røyksky om dagenog røyk og lys frå ein flammande eld om nattaover heile Sion-fjelletog over møtestadene der.For over all herlegdom skal det vera eit vern,

6. ei lauvhytte som skyggjer for heten om dagenog gjev livd og skjul mot uvêr og regn.