Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Songen om Herrens vingard

1. Eg vil syngja om min kjære ven,ein song om min ven og vingarden hans.Ein vingard hadde min kjære ven,med den feitaste jord.

2. Han hakka han opp,og han plukka stein,og han planta den finaste vinog bygde eit vakttårn i midten,også ei vinpresse hogg han ut.Så venta han seg gode druer,men beiske druer fekk han.

3. Og no, de som bur i Jerusalem,og de menneske i Juda:Døm mellom meg og vingarden min!

4. Kva meir kunne gjerast med vingarden minenn det eg alt hadde gjort?Kvifor venta eg meg gode druernår druene eg fekk, var beiske?

5. No skal eg seia dykkkva eg vil gjera med vingarden min.Eg tek bort gjerdet så han blir til beitemark,eg riv ned muren så han kan trakkast ned.

6. Eg skal gjera han til øydemark.Han skal ikkje skjerast og tynnast meir,men torn og tistel skal gro.Og eg skal nekta skyeneå la regnet falla på han.

7. For vingarden til Herren over hærskarane,det er Israels hus,og menneska i Judaer hans kjæraste hage.Han venta rett, men sjå, det kom blod,rettferd, men sjå, det kom skrik!

Verop over dei mektige

8. Ve dei som legg hus til husog føyer åker til åkerheilt til det ikkje er plass attog de er dei einastesom er busette i landet!

9. I mine øyre lyder det frå Herren over hærskarane:Sanneleg, mange hus skal bli aude,store og gode, men utan folk.

10. For ein vingard det tek ti dagar å pløya,gjev berre ein bat igjen,og ein homer såkorn gjev ein efa.

11. Ve dei som jagar etter sterk drikkfrå tidleg morgon av,som sit til seint på kveldog blir heite av vin.

12. Dei har lyre, harpe, handtromme, fløyteog vin på festane sine,men Herrens gjerning merkar dei ikkje,dei ser ikkje kva hans hender har gjort.

13. Difor skal folket mitt dra i eksilfør dei veit av det,dei fremste skal svelta i helog folkemassen forgå av tørste.

14. Difor opnar dødsriket svelgetog sperrar opp munnen på vidt gap,og ned fer dei, både dei fornemme og massen,med sin larm og sin jubel.

15. Og mennesket er bøygd,kvar mann er fornedra,dei stolte må slå auga ned.

16. Men Herren over hærskaraneer opphøgd i dommen,den heilage Gudviser seg heilag ved rettferd.

17. Lam skal beita som i ei utmark,og i rikfolks ruinar skal geiter eta.

18. Ve dei som dreg skulda etter segmed tau av løgnog sleper på synd som med vognreip

19. og seier:«No må han skunda segå få gjort det han skal,så vi får sjå det!No må planen til Israels Heilagesnart gå i oppfylling,så vi kan kjenna det!»

20. Ve dei som kallar det vonde godtog det gode vondt,dei som gjer mørker til lys og lys til mørker,bittert til søtt og søtt til bittert!

21. Ve dei som er vise i eigne augeog kloke i eigne tankar!

22. Ve dei som er heltar til å drikka vinog djerve karar til å blanda sterk drikk,

23. som frikjenner den skuldige for pengarog tek retten frå den rettferdige!

24. Difor, slik eld fortærer halmog høy søkk saman i flammane,skal rota deira rotna bort,blomen deira stiga opp som støv.For dei har forkasta lovatil Herren over hærskaraneog forakta ordet frå Israels Heilage.

Herrens vreide

25. Difor flamma Herrens vreide opp mot folket hans.Han lyfte handa mot detog slo det så fjella skalvog lika låg som avfall midt i gatene.Men med det har harmen hans ikkje lagt seg,handa er framleis lyft.

26. Han lyfter banneret for eit folk langt borteog plystrar det hit frå enden av jorda.Og sjå, der kjem dei, raskt og lett.

27. Det er ingen der som er trøytt eller snublar,ingen blundar og ingen søv.Beltet om livet losnar ikkje,og inga sandalreim slitnar.

28. Pilene er kvessteog kvar boge spent,hestehovane er som flintog vognhjula som ein kvervelvind.

29. Med eit løvebrøl kjem dei,dei brøler som ei ung løve,knurrar og grip etter byttet sitt,ber det bort,og ingen kan berga det.

30. Den dagen stig eit brøl,som brølet frå havet.Ser ein ut over jorda,er det mørker og naud.Lyset mørknar av tunge skyer.