Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 2 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Herrens tempelberg

1. Ordet som Jesaja, son til Amos, såg om Juda og Jerusalem:

2. I dei siste dagar skal det skjeat Herrens tempelberg skal stå urokkelegsom det høgaste av fjellaog raga over høgdene.Dit skal alle folkeslag strøyma.

3. Mange folk skal dra av stad og seia:«Kom, lat oss gå opp til Herrens fjell,til huset åt Jakobs Gud,så han kan læra oss sine vegarog vi kan ferdast på hans stigar.For lov skal gå ut frå Sion, Herrens ord frå Jerusalem.»

4. Han skal dømma mellom folkeslagog skifta rett for mange folk.Dei skal smi sverda om til plogskjerog spyda til vingardsknivar.Folk skal ikkje lyfta sverd mot folk,ikkje lenger lærast opp til krig.

5. Kom, Jakobs hus,lat oss vandra i Herrens lys!

Herrens dag

6. Du har forkasta folket ditt, Jakobs hus.For der er det fullt av spådomarog av teikntydarar, som hos filistrane,overalt er det framande.

7. Landet er fullt av sølv og gull,overalt er det skattkammer.Landet er fullt av hestar,overalt er det vogner.

8. Landet er fullt av avgudar,folk tilbed noko dei sjølve har lagamed sine eigne hender og fingrar.

9. Mennesket er bøygd,kvar mann er fornedra.Tilgjev dei ikkje!

10. Gå inn i fjellet, gøym deg i jordafor redsla som Herren vekkjer,for hans stordom og velde!

11. Den stolte må slå auga ned,hovmodet hos menn skal bøyast. Herren åleine er opphøgd den dagen.

12. For det kjem ein dag frå Herren over hærskaranedå alt som er hovmodig og høgt,alt som kneisar,skal fornedrast,

13. alle sedrar på Libanon,så høge og kneisande dei er,alle eiker i Basan,

14. alle høge fjell,alle kneisande høgder,

15. alle opphøgde tårnog alle festningsmurar,

16. alle Tarsis-skipog alle herlege skuter.

17. Då blir det stolte mennesket bøygdog hovmodet hos menn fornedra. Herren åleine er opphøgd den dagen.

18. Med avgudane er det slutt for alltid.

19. Då skal folk gøyma seg i fjellgrotter og jordhòlerfor redsla Herren vekkjer,for hans stordom og veldenår han reiser segfor å slå jorda med skrekk.

20. Den dagen skal menneska kasta frå segtil moldvarp og flaggermusgudebileta av sølv og gullsom dei har laga seg og tilbed.

21. Dei skal gøyma seg i fjellhòler og bergkløfterfor redsla Herren vekkjer,for hans stordom og veldenår han reiser segfor å slå jorda med skrekk.

22. Hald opp med å stola på mennesketsom berre har pust i nasen.Kva er vel mennesket å rekna for?