Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Lovløyse i Juda

1. Sjå, Herren, allhærs Herre,tek bort frå Jerusalem og Judastøtte og stav:kvar støtte av brød og kvar støtte av vatn,

2. kvar krigar og stridsmann,dommar, profet, spåmann og eldste,

3. femtimannsføraren og den fornemme mannen,rådgjevaren, trollmannenog den dyktige åndemanaren.

4. Så gjev eg dei gutar til leiarar,villstyringar skal herska over dei.

5. Folket blir undertrykt,mann av mann og granne av granne,guten set seg opp mot den gamle,den låge mot den høge.

6. Når ein mann tek tak i ein annan i farshuset sitt og seier:«Du har ei kappe, du skal vera hovding for oss,di hand skal rå over denne ruinhaugen»,

7. då skal den andre ta til ords og seia:«Eg kan ikkje forbinda sår,og i huset mitt finst korkje brød eller klede.Set ikkje meg til hovding over folket!»

8. For Jerusalem har snubla, og Juda har falle,for med ord og gjerningar står dei Herren imot,og dei set seg opp mot hans herlegdom.

9. Andleta deira vitnar imot dei.Som Sodoma kunngjer dei si syndog løyner henne ikkje.Ve dei! Dei fører ulukke over seg sjølve.

10. Sæl er den rettferdige,for det går han godt,og han skal nyta frukta av sine gjerningar.

11. Ve den urettferdige, han går det ille,han får att for det han har gjort.

12. Folket mitt blir undertrykt av småborn,og kvinner herskar over det.Mitt folk, leiarane dine villeier degog fører deg på villspor.

Herren held rettargang

13. Herren stig fram for å føra sak,han står opp for å dømma folka.

14. Herren held rettargangmed dei eldste og stormennene i folket sitt.«Det er de som har beitt vingarden snau,det er rov frå dei fattige i husa dykkar!

15. Kvifor knuser de mitt folkog mel sund andleta til dei hjelpelause?»seier Herren, allhærs Gud.

Dom over Sions døtrer

16. Herren har sagt:Fordi Sions døtrer er stolteog går med kneisande nakke,blunkar med auga,trippar omkringog ringlar med fotringane sine,

17. vil Herren la Sions døtrerfå hovudet fullt av skurv,og Herren vil snaua skallane deira.

18. Den dagen skal Herren ta frå dei all stas: fotringane, solsmykka og halvmånane,

19. øyredobbane, armbanda og sløra,

20. turbanane, fotkjedene og belta, amulettane og talismanane,

21. fingerringane og naseringane,

22. festkleda, kåpene, sjala og veskene,

23. speglane, linskjortene, hovudplagga og skjerfa.

24. Då blir det stank i staden for godlukt,reip i staden for belte,fleinskalle i staden for frisyre,sekkestrie i staden for stasklede,svimerke i staden for venleik.

25. Mennene dine skal falla for sverd,hæren skal falla i krig.

26. Sions portar skal sørgja og klaga,ho sit forlaten på jorda.