Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50
  51. 51
  52. 52

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Kvifor har dei vonde lukka med seg?

1. Rettferdig er du, Herre,når eg fører sak mot deg.Likevel må eg snakka med degom kva som er rett.Kvifor har dei urettferdige framgang,kvifor er alle dei trulause trygge?

2. Du plantar dei, og dei slår rot,dei veks og ber frukt.Du er nær i munnen deira,men frå hjartet er du langt borte.

3. Men du, Herre, kjenner meg og ser meg,du prøver mitt hjarte, min truskap mot deg.Skil dei ut som sauer til slakting,vigsla dei til dagen for drap!

4. Kor lenge skal landet sørgjaog alt som gror på marka, tørka bort?Dei som bur i landet, er vonde,difor går dyr og fuglar til grunne.Dei seier: «Han kan ikkje sjåkorleis det går oss til slutt.»

5. Når du blir trøytt av å springa om kapp med fotfolk,korleis kan du då springa om kapp med hestar?Og er du trygg berre i fredeleg land,kva har du då å gjerai Jordans krattskog?

6. Sjølv brørne dine og din fars huser trulause mot deg.Dei ropar bak ryggen din: «Det er nok!»Lit ikkje på deinår dei seier gode ting til deg.

Heile landet er lagt i øyde

7. Eg har gått frå huset mitt,forkasta eigedomen min,gjeve henne eg elska, i fiendens hand.

8. Eigedomen har for meg vortesom ei løve i skogen.Ho brøler til meg,difor hatar eg henne.

9. Er eigedomen min ein spreklete rovfuglsom andre fuglar går laus på frå alle kantar?Lat alle villdyr samlastog før dei hit så dei kan eta!

10. Mange gjetarar har herja mi vinmarkog trampa ned mi odelsjord.Dei har gjort min herlege odeltil ein aud ørken,

11. gjort han til ei øydemark,og øydemarka sørgjer framfor meg.Heile landet er lagt audt,og ingen bryr seg om det.

12. Over alle dei snaue høgder i ørkenenkom folk og herja.For Herren har eit sverd som øyderfrå landsende til landsende,ingen skapning finn fred.

13. Dei sådde kveite og hausta klunger,dei streva til inga nytte.Stå der i skam med avlinga dykkar!For Herren er brennande harm.

Israel, Juda og grannefolka

14. Så seier Herren om alle dei vonde grannane som rører ved den eigedomen eg har gjeve mitt folk Israel: Sjå, eg rykkjer dei opp frå jorda deira, og Judas hus rykkjer eg opp midt imellom dei.

15. Men etter at eg har rykt dei opp, vil eg atter miskunna meg over dei og føra dei tilbake, kvar til sin eigedom og til sitt land.

16. Og om dei lærer å kjenna vegane til folket mitt, om dei sver ved mitt namn og seier «så sant Herren lever», slik dei før lærte folket mitt å sverja ved Baal, då skal dei byggjast opp att midt imellom folket mitt.

17. Men om dei ikkje vil høyra, rykkjer eg opp det folkeslaget, rykkjer det opp og gjer ende på det, seier Herren.