Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50
  51. 51
  52. 52

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Inga medkjensle med folket

1. Herren sa til meg: Om så Moses og Samuel stod framfor meg, ville eg ikkje ha medkjensle med dette folket. Send dei frå meg, dei skal gå bort!

2. Og når dei seier til deg: «Kvar skal vi gå?» skal du svara: Så seier Herren:Den som tilhøyrer døden, til død,den som tilhøyrer sverdet, til sverd,den som tilhøyrer svolten, til svolt,den som tilhøyrer fangenskapet, til fangenskap.

3. Eg sender mot dei fire slags straffedommar, seier Herren: sverd til å drepa, hundar til å slepa bort, fuglane under himmelen og dyra på marka til å eta og øydeleggja.

4. Eg gjer dei til ei redsle for alle rike på jorda på grunn av det som Juda-kongen Manasse, Hiskias son, har gjort i Jerusalem.

5. For kven har medkjensle med deg, Jerusalem,kven tykkjer synd i deg?Kven stansar og spør korleis du har det?

6. Du støytte meg frå deg, seier Herren,og snudde ryggen til.Så strekte eg handa utfor å gjera ende på deg,eg var trøytt av å ha medynk.

7. Eg spreidde dei med kasteskovli byane i landet.Eg gjorde folket mitt barnlaustog lét det gå til grunne;det vende ikkje om frå vegane sine.

8. Eg gjorde enkjene meir talrike enn havsens sand.Mot dei som var mødrer til unge menn,sende eg ein som herja midt på lyse dagen.Brått lét eg redsle og skrekkfalla over dei.

9. Sjølv ho som fødde sju born, har visna.Livsanden har gått ut av henne,sola hennar har gått nedmedan det endå var dag.Ho vart til spott og skam.Resten av folketgjev eg til sverdetframfor fiendane deira,seier Herren.

Profetens kall og liding

10. Ve meg, mor, at du fødde meg,ein mann i strid og krangel med heile landet.Eg har korkje gjeve eller teke opp lån,og endå forbannar dei meg alle.

11. I sanning, Herre:Har eg ikkje tent deg til det gode,har eg ikkje bede til deg då fienden kom,i tida med naud og trengsle?

12. Kan ein bryta sund jern,jern frå nord, og bronse?

13. Rikdomen og skattane dinegjev eg til fri plyndringfor alle dine synder i heile landet ditt.

14. Eg gjer deg til slave for fiendane dinei eit land du ikkje kjenner.For min vreide logar som eld,mot dykk er han kveikt.

15. Du veit det, Herre.Hugs meg og ta deg av meg!Gjev meg hemn over dei som forfølgjer meg!Ver ikkje så sein til vreideat eg blir riven bort.Vit at eg må tola spott for di skuld!

16. Eg fann dine ord og åt dei,dine ord vart til fryd for megog til glede for hjartet mitt.For ditt namn er nemnt over meg, Herre, allhærs Gud.

17. Aldri sat eg og mora megi lystig lag.For di skuld sat eg einsam,du fylte meg med harme.

18. Kvifor er mi smerte utan endeog såret mitt ulækjande?Det kan ikkje lækjast.Du har vorte for meg som ein tørrlagd bekk,som vatn ein ikkje kan lita på.

19. Difor, så seier Herren:Dersom du vender om,lèt eg deg koma attende.Du skal stå for mitt andlet.Dersom du skil ut det kostesamefrå det verdlause,skal du vera som min munn.Dei skal venda seg til deg,men du skal ikkje venda deg til dei.

20. Mot dette folketgjer eg deg til ein festningsmur av bronse.Dei skal gå til krig mot deg, men ikkje vinna.For eg er med deg,eg vil frelsa deg og berga deg,seier Herren.

21. Eg vil berga deg frå hendene til dei vondeog fria deg frå grepet til valdsmenn.