Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50
  51. 51
  52. 52

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Åket til kongen av Babel

1. I byrjinga av regjeringstida til Juda-kongen Jojakim, son til Josjia, kom dette ordet til Jeremia frå Herren:

2. Dette sa Herren til meg: Lag deg reip og åk og legg over nakken.

3. Send dei til kongane i Edom, Moab, Ammon, Tyros og Sidon med dei sendemennene som er komne til Juda-kongen Sidkia i Jerusalem,

4. og byd dei å seia til herrane sine: Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Dette skal de seia til herrane dykkar:

5. Det er eg som har laga jorda og menneska og dyra som lever på jorda, med mi store kraft og min utstrekte arm. Eg kan gje det til den eg synest er den rette.

6. Og no gjev eg alle desse landa over til kong Nebukadnesar av Babel, tenaren min. Sjølv dei ville dyra gjev eg han for at dei skal tena han.

7. Alle folkeslag skal vera slavar for han og for son og soneson hans, heilt til tida kjem også for hans eige land. Då skal mange folkeslag og store kongar gjera han til slave.

8. Om eit folkeslag eller kongerike ikkje vil tena kong Nebukadnesar av Babel og ikkje vil bøya nakken under åket til kongen av Babel, så skal eg straffa det folket med sverd og svolt og pest, seier Herren, heilt til eg får gjort ende på dei ved hans hand.

9. De skal ikkje høyra på profetane, spåmennene, drøymarane, teikntydarane og trollmennene dykkar når dei seier: «De skal ikkje bli slavar for kongen av Babel.»

10. Dei profeterer løgn for å få dykk vekk frå dykkar eiga jord. Eg skal driva dykk bort, og de skal gå til grunne.

11. Men det folkeslaget som bøyer nakken under åket til kongen av Babel og tener han, det lèt eg vera i ro på si eiga jord, seier Herren, dei skal få dyrka henne og bu der.

12. Til Juda-kongen Sidkia sa eg det same: Bøy nakken under åket til kongen av Babel og ten han og folket hans, så skal de få leva.

13. Kvifor vil du og folket ditt døy for sverd og svolt og pest, det Herren har truga kvart folkeslag med som ikkje vil tena kongen av Babel?

14. Høyr ikkje på profetane som seier til dykk: «De kjem ikkje til å bli slavar for kongen av Babel.» For dei profeterer løgn for dykk.

15. Og eg har ikkje sendt dei, seier Herren. Dei profeterer løgn i mitt namn, så eg skal driva dykk bort og de skal gå til grunne saman med profetane som profeterer for dykk.

16. Til prestane og heile dette folket sa eg: Så seier Herren: Høyr ikkje på profetane når dei profeterer for dykk og seier: «Sjå, utstyret frå Herrens hus skal no snart førast tilbake frå Babel.» For dei profeterer løgn.

17. Høyr ikkje på dei, ten kongen av Babel, så skal de få leva. Kvifor skal denne byen bli til ruin?

18. Men om dei no er profetar, om Herrens ord er hos dei, så lat dei be inderleg til Herren over hærskarane om at det utstyret som enno er att i Herrens hus, i Juda-kongens slott og i Jerusalem, ikkje må koma til Babel.

19. For så seier Herren over hærskarane om søylene, bronsehavet, vognstativa og dei andre tinga som er att i denne byen,

20. og som kong Nebukadnesar av Babel ikkje tok med seg då han førte Juda-kongen Jekonja, son til Jojakim, i eksil frå Jerusalem til Babel saman med alle stormennene i Juda og Jerusalem,

21. for så seier Herren over hærskarane, Israels Gud, om dei tinga som er att i Herrens hus, i Juda-kongens slott og i Jerusalem:

22. Til Babel skal dei førast, og der skal dei vera heilt til den dag eg tek meg av dei, seier Herren. Då skal eg henta dei og føra dei tilbake til denne staden.