Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50
  51. 51
  52. 52

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 1 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ord av Jeremia, son til Hilkia, ein av prestane i Anatot i Benjamin-landet.

2. Herrens ord kom til han i dei dagane då Josjia, son til Amon, var konge i Juda, i det trettande styringsåret hans,

3. og i dei dagane då Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, heilt til slutten av det ellevte året då Sidkia, son til Josjia, var konge i Juda, då Jerusalem vart ført i eksil i den femte månaden.

Herren kallar Jeremia til profet

4. Herrens ord kom til meg:

5. «Før eg forma deg i mors liv, kjende eg deg,før du vart fødd, helga eg deg,til profet for folkeslaga sette eg deg.»

6. Men eg sa:«Å, min Herre og Gud!Sjå, eg kan ikkje tala,eg er for ung!»

7. Då sa Herren til meg:«Du skal ikkje seia: Eg er ung!Overalt der eg sender deg, skal du gå,og alt eg byd deg, skal du seia.

8. Ver ikkje redd dei,eg er med deg og skal berga deg,seier Herren.»

9. Herren rette ut handa og rørte ved munnen min. Så sa Herren til meg:«No legg eg orda mine i din munn.

10. Sjå, eg set deg i dag over folk og riketil å rykkja opp og riva ned,til å øydeleggja og knusa,til å byggja og planta.»

To syn

11. Herrens ord kom til meg: «Kva ser du, Jeremia?» Eg svara: «Eg ser ei grein av eit vaketre.»

12. Då sa Herren til meg: «Godt sett! For eg vil vaka over mitt ord og setja det i verk.»

13. Herrens ord kom til meg for andre gong: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ei kokande gryte, ho hallar hit frå nord.»

14. Då sa Herren til meg:Frå nord skal ulukka hellast utover alle som bur i landet.

15. For no kallar eg på alle kongeslektene i nord,seier Herren.Dei skal koma og reisa kvar si troneved Jerusalems portopningar,mot alle murane ikringog mot alle byane i Juda.

16. Då vil eg seia min dom over deifor all deira vondskap,dei som forlét meg,tende offereld for andre gudarog tilbad verk av eigne hender.

17. Men du skal spenna beltet om livet,stå fram og seia til deialt det eg byd deg.Ver ikkje redd dei,elles slår eg deg med redsle for dei.

18. Sjå, eg gjer deg i dag til ein festningsby,til ei jernstøtte og ein bronsemurmot heile landet,mot kongane i Juda, mot leiarane og prestaneog folket i landet.

19. Dei skal gå til krig mot deg, men ikkje vinna.For eg er med deg,seier Herren.Eg skal berga deg.