Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Herrens klagemål mot eit trulaust folk

1. Høyr Herrens ord, de Israels born! Herren fører sak mot dei som bur i landet.For det er ingen truskap og ingen kjærleikog ingen kjennskap til Gud i landet.

2. Forbanning og løgn og drap og tjuveriog ekteskapsbrot breier om seg,med blod følgjer meir blod.

3. Difor skal landet sørgja,og kvar den som bur der, skal tørka bortsaman med dyra på marka og fuglane under himmelen,sjølv fiskane i havet skal utryddast.

4. Men ingen må føra sak eller gå i rette med nokon.Folket ditt liknar slike som fører sak mot ein prest.

5. Du skal snubla om dagen,og sjølv profeten skal snublasaman med deg om natta,og mor di gjer eg ende på.

6. Folket mitt skal gå til grunneav mangel på kunnskap.Sidan du har vraka kunnskapen,vrakar eg deg som min prest.Du gløymde din Guds lov,difor gløymer eg òg dine born.

7. Jo fleire dei vart,dess meir synda dei mot meg,deira ære skal eg byta ut med skam.

8. Dei lever av mitt folks syndog lengtar etter deira skuld.

9. Difor skal det gå med presten som med folket,eg vil straffa han for hans ferdog gjengjelda det han har gjort.

10. Dei skal eta og ikkje bli mette,hora og ikkje bli mange. Herren har dei forlatefor å gje seg over til

11. hor,gammal og ny vintek over hjartet.

12. Folket mitt spør sitt tre til rådsog får svar av sin stokk.For ei horeånd har ført dei vill,dei har hora seg bort frå sin Gud.

13. På fjelltoppane ofrar dei,på haugane tenner dei offereldunder eiker, poplar og terebinter,for skuggen av dei er god.Difor driv døtrene dykkar hor,og svigerdøtrene bryt ekteskapet.

14. Eg vil ikkje straffa døtrene dykkarfordi dei driv hor,eller svigerdøtrene fordi dei bryt ekteskapet,for mennene går avsides med horerog ofrar saman med tempelprostituerte kvinner.Eit folk utan innsikt vil falla.

15. Sjølv om du driv hor, Israel,må ikkje Juda føra skuld over seg!Gå ikkje til Gilgal,dra ikkje opp til Bet-Avenog sver ikkje: «Så sant Herren lever!»

16. For Israel er trassigsom ei trassig ku.No skal Herren gjeta deisom lam i ope lende.

17. Efraim er bunden til gudebilete,lat han vera!

18. Når drikkinga deira er over,horar dei vidare.Dei elskar vilt.Skam er skjolda hennar.

19. Ein vind skal gripa henne med sine venger,dei skal bli til skamme med sine offer.