Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Gjengjeldinga kjem

1. Gled deg ikkje, Israel!Jubla ikkje som folkeslaga!For du har hora deg bort frå din Gud.Du tok gjerne imot betalingpå alle korntreskjeplassar.

2. Treskjeplass og vinpresse skal ikkje fø dei,den nye vinen skal svikta dei.

3. Dei skal ikkje få bu i Herrens land.Efraim skal attende til Egypt,og i Assur skal dei eta urein mat.

4. Dei skal ikkje ofra vin til Herren,slaktoffera deira kan ikkje gleda han.Det skal vera som sørgjebrød for dei,alle som et det, blir ureine.For brødet sitt har dei for seg sjølve,det kjem ikkje til Herrens hus.

5. Kva vil de gjera på høgtidsdagen,på Herrens festdag?

6. Sjå, dreg dei bort frå øydelegginga,skal Egypt samla dei saman,Memfis gravleggja dei.Nesler skal løyna deira skattar av sølv,tornekratt skal veksa i telta deira.

7. Dagane for straff er komne,dagane for gjengjelding er komne,det skal Israel få merka.«Profeten er ein dåre,åndsmannen er utan vit!»Ja, fordi di skuld er så storog din fiendskap så sterk!

8. Profeten er Efraims vaktar, saman med min Gud,men snarer er det på alle vegane hans,fiendskap i huset til hans Gud.

9. Dei har vorte like djupt fordervasom i Gibeas dagar.Han skal hugsa skulda deiraog straffa syndene deira.

Efraim skal ikkje lenger bera frukt

10. Eg fann Israelsom druer i ørkenen,eg såg fedrane dykkarsom tidleg frukt på fikentreet.Men då dei kom til Baal-Peor,vigde dei seg til skammaog vart like motbydelege som han dei elska.

11. Efraims herlegdom flyg bort som ein fugl.Ingen føder, ingen er gravide,og ingen blir med barn.

12. Jamvel om dei fostrar born,skal eg ta frå dei kvart einaste eitt.Ja, ve deinår eg går bort frå dei!

13. Efraim er planta i ei eng,det er som eg såg bort til Tyros.Men Efraim må føra sine born uttil han som drep.

14. Gjev dei, Herre!Kva skal du gje?Gjev dei morsliv som mistar barnet,og bryst som tørkar inn.

15. All deira vondskap viste seg i Gilgal,der la eg dei for hat.Fordi dei har gjort så mykje vondt,vil eg driva dei ut av mitt hus.Eg kan ikkje elska dei lenger,alle førarane deira er opprørarar.

16. Efraim er slegen,rota deira har vorte tørr,dei skal ikkje lenger bera frukt.Og sjølv om dei føder,vil eg drepa deira dyre livsfrukt.

17. Min Gud skal forkasta deifordi dei ikkje har høyrt på han.Dei skal flakka omkring mellom folka.