Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Samaria skal bøtafordi ho var trassig mot sin Gud.Dei skal falla for sverd,småborna deira skal knusast,og kvinnene som ventar barn,skal skjerast opp.

Eg vil lækja deira fråfall

2. Vend om, Israel, til Herren din Gud,for du har snubla i di skuld.

3. Ta ord med dykkog vend om til Herren,sei til han:«Tilgjev all skuldog ta imot det gode,så vil vi betala medfrukta av leppene våre.

4. Assur vil ikkje hjelpa oss,vi skal ikkje ri på hestar,og vi vil ikkje lenger seia: Vår gud!til det våre hender har gjort.Hos deg finn den farlause miskunn.»

5. Eg vil lækja deira fråfall,og eg vil elska dei av hjartet,for min vreide har vendt seg frå dei.

6. Eg vil vera som dogg for Israel.Han skal bløma som ei liljeog røta seg som trea på Libanon

7. og breia greinene sine utover.Han skal vera fager som oliventreetog anga som skogen på Libanon.

8. Igjen skal dei bu i hans skugge,dei skal dyrka kornog bløma som vinstokken.Hans namn skal bli som vinen frå Libanon.

9. Kva har vel Efraim med gudebilete å gjera?Det er eg som svarar han og ser til han.Eg er som ein grøn sypress,frå meg skal frukta di koma.

10. Kven er så vis at han forstår dette,forstandig nok til å skjøna det?Ja, Herrens vegar er rette,dei rettferdige vandrar på dei,men syndarane snublar.