Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Israel skal bli til skamme

1. Israel var ein frodig vinstokksom bar mykje frukt.Jo meir frukt,dess fleire altar.Jo betre land,dess betre steinstøtter.

2. Sleipt er hjartet deira,no må dei ta på seg skulda.Han skal bryta ned altara deiraog slå sund steinstøttene.

3. No må dei seia:«Vi har ingen konge,for vi har ikkje frykta Herren.Og kongen, kva kan han gjera for oss?»

4. Dei har tala tomme ord,svore falskt og gjort pakter.Retten blømersom giftplanter i plogfòrene.

5. Dei som bur i Samaria,er redde kalven i Bet-Aven.Folket hans sørgjer over han,og avgudsprestane klagar,for hans herlegdom er bortført.

6. Han skal òg førast til Assursom gåve til storkongen.Skam skal Efraim få,Israel skal bli til skammepå grunn av planane sine.

7. Samaria skal gå til grunne,kongen skal bli som ein kvist på vatnet.

8. Avens offerhaugar skal utslettast,Israels synd.Torn og tistel skal veksaopp over altara deira.Dei skal seia til fjella: Løyn oss!og til haugane: Fall over oss!

9. Frå Gibeas dagar har du synda, Israel.Der har dei vorte ståande.Skulle ikkje krigen nå dei i Gibea?Eg vil koma over ugjerningsmennene

10. for å tukta dei.Folkeslag skal samla seg mot deinår dei blir tukta for si doble skuld.

11. Efraim var ei tamd kvigesom gjerne ville treskja,og eg sparte den vakre nakken hennar.No vil eg spenna Efraim for,Juda skal pløya og Jakob harva.

12. Så med rettferd,haust med kjærleik,bryt dykk nybrot!For no er det tid for å søkja Herren,inntil han kjemog lèt rettferd regna over dykk.

13. De har pløgd ned urettog hausta vondskapog ete frukta av løgn.For du stola på din eigen vegog på alle krigarane dine.

14. Difor skal krigslarm reisa seg i folket ditt,og alle borgene dine skal øydeleggjast,slik Sjalman øydela Bet-Arbelpå stridens dag, då mor og born vart knuste.

15. Slik vil eg gjera med dykk i Betelfordi vondskapen dykkar er stor.Når dagen gryr,er det ute med Israels konge.