Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 2 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. De skal seia til brørne dykkar: «mitt folk» og til systrene dykkar: «du som har fått miskunn».

Rettssak mot eit trulaust folk

2. Før sak mot mor dykkar, før sak!For ho er ikkje kona mi,og eg er ikkje mannen hennar.Ho skal fjerna kvart horeteikn frå andletet,ta bort kvart utruskapsteikn mellom brysta!

3. Elles skal eg kle av henneså ho står der like nakensom den dagen ho vart fødd.Eg vil la henne bli som ein ørken,gjera henne lik eit tørt landog la henne døy av tørste.

4. Borna hennar vil eg ikkje visa miskunn,for dei er horeborn.

5. For mor deira dreiv hor,ho som fødde dei, førte skam over seg sjølv.Ho sa: «Eg vil gå etter elskarane mine,dei som gjev meg brød og vatn,ull og lin, olje og vin.»

6. Difor vil eg stengjavegen for henne med tornar.Eg murar ein mur rundt henneså ho ikkje finn stigane sine.

7. Når ho spring etter elskarane sine,skal ho ikkje nå dei att,når ho leitar etter dei,skal ho ikkje finna dei.Då skal ho seia: «Eg vil gå tilbaketil den første mannen min,for eg hadde det betre då enn no.»

8. Ho skjøna ikkje at det var egsom gav henne korn, ny vin og fin oljeog mengder av sølv og gull,som dei brukte til Baal.

9. Difor vil eg ta attkornet mitt når tida er inne,den nye vinen når tida kjem.Eg vil ta bort ulla mi og linet mitt,som skulle løyna hennar nakne kropp.

10. No vil eg visa fram kjønnet hennarfor auga på elskarane hennar,og ingen skal berga henne ut av mi hand.

11. Eg gjer ende på all hennar glede,festane, nymånedagane og sabbatsdagane,alle høgtidene hennar.

12. Eg øydelegg vinstokkane og fikentrea hennar.Om dei har ho sagt:«Dei er betaling eg fekk frå elskarane mine.»Eg gjer dei til krattskog,og villdyr skal eta dei.

13. Eg vil straffa henne for dei daganedå ho tende offereld for Baal-gudane,pynta seg med ringar og smykkeog gjekk etter elskarane sine,men gløymde meg,seier Herren.

Gud tek Israel til nåde att

14. Difor vil eg lokka henne, føra henne ut i ørkenen og tala til hjartet hennar.

15. Der vil eg gje henne vingardane tilbake, og Akor-dalen skal bli ein port til von. Der skal ho svara som i ungdomsdagane, som då ho drog opp frå Egypt.

16. Og den dagen, seier Herren, skal ho kalla meg «Min mann». Ho skal ikkje lenger kalla meg «Min Baal».

17. Eg vil fjerna Baal-namna frå munnen hennar, dei skal ikkje nemnast med namn meir.

18. Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med villdyra på marka, fuglane under himmelen og krypet på jorda. Boge, sverd og krigsvåpen vil eg bryta sund og utrydda frå landet, og eg vil la dei bu trygt.

19. Eg vil binda meg til deg for alltid. Eg vil binda meg til deg i rettferd og rett, i kjærleik og miskunn.

20. Eg vil binda meg til deg i truskap, og du skal kjenna Herren.

21. Den dagen vil eg svara, seier Herren, eg vil svara himmelen, og han skal svara jorda.

22. Jorda skal svara kornet, den nye vinen og den fine oljen, og dei skal svara Jisreel.

23. Eg vil så henne ut i landet mitt og miskunna meg over Lo Ruhamá. Til Lo Ammí vil eg seia: «Du er mitt folk.» Og han skal svara: «Min Gud!»