Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Høgsongen 6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Kvar er kjærasten din faren,du vakraste mellom kvinner?Sei, kvar har kjærasten teke vegen,vi vil hjelpa deg å leita.

2. Kjærasten gjekk ned til hagen sin,til angande urtesenger.Han ville gjeta i haganeog plukka liljer.

3. Kjærasten er min, og eg er hans,han som gjeter mellom liljene.

4. Du er vakker som Tirsa, mi kjære,praktfull som Jerusalem,farleg som ein hær under banner.

5. Vend auga dine bort,dei hærtek meg.Håret ditt er som ein geiteflokk,strøymande nedover Gilead.

6. Tennene dine er som nyklipte sauersom kjem frå vask.Tvillingar har dei alle,og ingen har mista eit lam.

7. Som skiva av eit granatepleer tinningen bakom sløret.

8. Seksti dronningar er det, åtti følgjekonerog unge jenter utan tal.

9. Berre éi er mi due, mi fullkomne,den einaste for mor si,elska av henne som fødde henne.Døtrene ser henne og prisar henne sæl,dronningar og følgjekoner hyllar henne.

10. Kven er ho som strålar lik morgonròden,vakker som månen, klår som sola,farleg som ein hær under banner?

11. Eg gjekk ned til nøttehagen,ville sjå kor det grønkast i dalen,om vinstokken hadde sett nye skot,om granataplane blømde.

12. Eg kjende ikkje meg sjølv,det var som stod egpå mitt folks vogner som hovding.

13. Snu deg, snu deg, du jente frå Sjulam!Snu deg, snu deg, så vi får sjå deg!Kvifor vil de sjå på jenta frå Sjulamder ho dansar mellom rekkjene?