Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Høgsongen 5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Eg kjem til min hage, mi syster, mi brur,og plukkar myrra og urter.Eg et av mi bikake og min honningog drikk min vin og mi mjølk.Et, vener!Drikk dykk fulle på kjærleik!

2. Eg søv, men hjartet vaker.Høyr, kjærasten bankar på.Lat opp for meg, mi syster,mi kjære, mi due, mi fullkomne.Hovudet mitt er dekt av dogg,håret mitt av nattedropar.

3. Eg har teke av meg kjolen,skal eg ta han på att?Eg har vaska føtene mine,skal eg skitna dei til att?

4. Kjærasten stakk handa inn gjennom luka,fekk magen min til å sitra.

5. Eg stod opp, ville opna for kjærasten.Hendene draup av myrra,det rann frå fingraneover handtaket på dørslåa.

6. Eg opna for kjærasten,men han hadde fare sin veg.Eg var heilt ifrå meg, han var borte.Eg leita etter han, men fann han ikkje;eg ropa på han, men han svara ikkje.

7. Vektarane som gjekk omkring i byen, fann meg.Dei skamslo meg,reiv sjalet av meg,vektarane på murane.

8. Eg bed dykk, de Jerusalems døtrer,om de finn kjærasten min,fortel han at eg er sjuk av kjærleik.

9. Kva skil kjærasten din frå andre,du vakraste mellom kvinner?Kva skil kjærasten din frå andre,sidan du bed oss så inderleg?

10. Kjærasten min er raudkinna og skinande,han skil seg ut mellom ti tusen menn.

11. Hovudet hans er skiraste gull,håret er krøllete, svart som ramnen.

12. Auga er som duer ved strøymande vatn.Dei laugar seg i mjølk,dei kviler i si ramme.

13. Kinna hans er som kryddersengerder angande urter veks.Leppene er liljer,dei dryp av rennande myrra.

14. Armane er stavar av gull,sette med krysolitt.Magen er ei plate av elfenbein,overstrødd med safirar.

15. Føtene er marmorsøyler,reiste på soklar av gull.Hans skapnad er som Libanon,staseleg som sedrane der.

16. Ganen smakar søtt,alt ved han gjev glede.Slik er min kjære, slik er kjærasten,de Jerusalems døtrer.