Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Høgsongen 1 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Songen over songane, av Salomo.

2. Å, om han ville kyssa megmed kyss av sin munn!Kjærleiken din er betre enn vin.

3. Angen av oljane dine er herleg,namnet ditt blir aust ut som olje.Difor likar jentene deg.

4. Ta meg med! Lat oss springa!Kongen har ført meg inn i sine rom.Lat oss jubla og gleda oss over deg,lat oss prisa din kjærleik høgare enn vin.Med rette likar dei deg.

5. Svart er eg, men søt,de Jerusalems døtrer,svart som Kedars telt,som Salomos teltdukar.

6. Sjå ikkje på at eg er så svart,at sola har brent meg.Sønene til mor mi var harde mot meg,dei sette meg til å vakta vinmarkene.Mi eiga vinmark har eg ikkje vakta.

7. Sei meg, du som eg elskar, kvar gjeter du?Kvar kviler du ved middagstid?Kvifor skulle eg gå som ei kvinne med slørder venene dine gjeter sauene?

8. Om du ikkje veit det,du vakraste av kvinner,følg spora etter flokkenog gjet kjea dineinnmed gjetarhyttene!

9. Eg vil likna deg med ei hoppemellom faraos vogner, mi kjære.

10. Fine er kinna dine mellom perlesnorene,halsen din med kjede rundt.

11. Snorer av gull skal vi laga deg,med sølvperler på.

12. Når kongen er hos meg,angar nardussalven min.

13. Kjærasten min er ein myrrakvist,han overnattar mellom brysta mine.

14. Kjærasten min er ein klase hennablomarpå En-Gedis vinmarker.

15. Så vakker du er, mi kjære!Så vakker du er! Auga dine er duer!

16. Så vakker du er, kjærasten min, så god,og vårt leie så grønt!

17. Sedrar er bjelkar i vårt hus,sypressar er tak og himling.