Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Høgsongen 3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Om natta leita eg på leietetter han som eg elskar.Eg leita, men fann han ikkje.

2. «Eg vil opp og gå omkring i byenpå gater og torg.Eg vil leita etter han som eg elskar.»Eg leita, men fann han ikkje.

3. Vektarane som gjekk omkring i byen, fann meg.«Har de sett han som eg elskar?»

4. Eg hadde ikkje før gått frå dei,så fann eg han som eg elskar.Eg tok tak i han og sleppte han ikkjefør eg fekk han inn i huset til mor mi,i rommet til henne som fødde meg.

5. Eg bed dykk, de Jerusalems døtrer,ved gasellane eller ved hindene i marka:Uroa ikkje kjærleiken!Vekk han ikkje før han sjølv vil!

6. Kven er ho som stig opp frå ørkenensom røyksøyler,omfløymd av angande myrra og røykjelse,av alt krydder ein kan få kjøpt?

7. Der er senga til Salomo!Seksti heltar omgjev henne,seksti av Israels heltar,

8. alle væpna med sverd,røynde i strid.Ved hofta ber kvar mann sverdmot redslene i natta.

9. Kong Salomo laga seg ei beresengav tre frå Libanon.

10. Stolpane gjorde han av sølv,baldakinen av gull,og madrassen kledde han med purpur.Innsida er sydd saman av kjærleik frå Jerusalems døtrer.

11. Kom ut, Sions døtrer!Sjå på kong Salomo,på krona som mor hanskrona han med på bryllaupsdagen,den dagen som gledde hans hjarte.