Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Høgsongen 2 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Eg er blomen frå Saron,lilja i dalen.

2. Som ei lilje mellom tistlar,slik er mi kjære mellom døtrene.

3. Som ein apal mellom trea i skogen,slik er kjærasten min mellom sønene.Å sitja i skuggen hans er ei nyting,hans frukt er søt for ganen.

4. Inn i vinhuset har han ført meg,hans merke over meg er kjærleik.

5. Styrk meg med rosinkaker,kveik meg med eple!For eg er sjuk av kjærleik.

6. Venstre armen hans er under hovudet mitt,med den høgre held han rundt meg.

7. Eg bed dykk, de Jerusalems døtrer,ved gasellane eller ved hindene i marka:Uroa ikkje kjærleiken!Vekk han ikkje før han sjølv vil!

8. Høyr, det er kjærasten,der kjem han,springande over fjell,hoppande over haug.

9. Kjærasten liknar ein gasell,ein ung hjort.Der står han bak muren vår.Han gløtter inn gjennom vindauga,kikkar inn gjennom gitteret.

10. Kjærasten tek til orde og seier:Stå opp, mi kjære, mi vakre jente,og kom!

11. No er vinteren over,regnet er forbi, det er borte.

12. Landet blir dekt av blomar.Songtida er her,turteldua kan høyrast i landet.

13. Frukta på fikentreet mognar,og blomen på vinstokken angar.Stå opp, mi kjære, mi vakre jente,og kom!

14. Mi due i fjellkløfta,i livd under bratte berg,lat meg få sjå deg,lat meg få høyra røysta di!For røysta er mjukog skapnaden vakker.

15. Fang revane for oss,dei små revane som øydelegg vinmarkene.For vinmarkene våre står i blom.

16. Kjærasten er min, og eg er hans,han som gjeter mellom liljene.