Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Truskap mot Herrens bod

1. Og no, Israel! Høyr dei forskriftene og lovene som eg lærer dykk å halda, så de kan få leva og koma inn i det landet som Herren, dykkar fedrars Gud, vil gje dykk, og ta det i eige.

2. De skal ikkje leggja noko til det eg byd dykk, og ikkje ta noko ifrå, men halda dei boda frå Herren dykkar Gud som eg gjev dykk.

3. Med eigne auge har de sett kva Herren gjorde ved Baal-Peor. Herren din Gud utrydda kvar den som følgde Baal-Peor hos deg.

4. Men de som heldt fast ved Herren dykkar Gud, har alle fått leva til denne dag.

5. Sjå, eg har lært dykk forskrifter og lover, slik som Herren min Gud påla meg, for at de skal leva etter dei i det landet de går inn i og legg under dykk.

6. De skal halda dei og leva etter dei! For då vil dei andre folka sjå kor kloke og vituge de er. Når dei høyrer om alle desse forskriftene, kjem dei til å seia: «Så klokt og vitug det er, dette store folket!»

7. Kvar finst det vel eit stort folk med ein gud som er så nær dei som Herren vår Gud er nær oss kvar gong vi kallar på han?

8. Og kvar finst det vel eit stort folk som har så rettferdige forskrifter og lover som heile den lova eg legg fram for dykk i dag?

Påminning om pakta frå Horeb

9. Ta deg i vare og vakta deg vel så du ikkje gløymer det du har sett med eigne auge. Lat det aldri gå deg av minne så lenge du lever, men fortel borna og barneborna dine om det,

10. om den dagen då du stod framfor Herren din Gud ved Horeb, den gongen Herren sa til meg: «Kall folket saman for meg! Eg vil la dei høyra orda mine, så dei kan læra å frykta meg så lenge dei lever i landet, og læra borna sine det same.»

11. Då kom de og stod innmed foten av fjellet, og fjellet brann med eldtunger som nådde inn i himmelen. Det var mørker, skyer og skodde.

12. Og Herren tala til dykk ut frå elden. De høyrde lyden av orda, men såg ingen skapnad. Det var berre ei røyst.

13. Han kunngjorde pakta si som han påla dykk å halda, dei ti boda som han skreiv på to steintavler.

14. Den gongen påla Herren meg å læra dykk dei forskriftene og lovene de skal leva etter i det landet de er på veg til og skal leggja under dykk.

Forbod mot gudebilete

15. Ta dykk vel i akt! De såg ingen skapnad den dagen Herren tala til dykk ut frå elden på Horeb.

16. Difor må de ikkje gjera noko så øydeleggjande som å laga dykk gudebilete av nokon skapnad, ikkje noko bilete med form som ein mann eller ei kvinne,

17. eit dyr på jorda eller ein fugl som flyg under himmelen,

18. eit kryp på marka eller ein fisk i vatnet under jorda.

19. Og når du lyfter auga dine opp mot himmelen og ser sola og månen og stjernene, heile himmelhæren, må du heller ikkje la deg riva med så du tilbed dei og dyrkar dei, for desse har Herren din Gud gjeve til alle folka under himmelen.

20. Men dykk har Herren teke og ført ut or smelteomnen, ut frå Egypt, for at de skal vera eigedomsfolket hans, slik de er i dag.

21. Men Herren vart harm på meg for dykkar skuld, og han svor at eg ikkje skulle få gå over Jordan og ikkje koma inn i det gode landet som Herren din Gud vil gje deg til eige.

22. Eg må døy i dette landet og får ikkje koma over Jordan. Men de skal få gå over elva og ta det gode landet i eige.

23. Ta dykk i vare så de ikkje gløymer pakta som Herren dykkar Gud har gjort med dykk, og lagar dykk gudebilete i skapnad av noko som Herren din Gud har forbode deg.

24. For Herren din Gud er ein øydande eld, ein nidkjær Gud.

25. Du skal få born og barneborn og bu lenge i landet. Men dersom de gjer noko så øydeleggjande som å laga gudebilete i nokon skapnad, gjer det som er vondt i Herren din Guds auge og gjer han rasande,

26. tek eg i dag himmel og jord til vitne på at de snart blir utrydda frå det landet de legg under dykk når de går over Jordan. De får ikkje leva lenge der, men skal gå heilt til grunne.

27. Herren skal spreia dykk mellom folka. Ein liten rest blir att blant folkeslaga Herren fører dykk bort til.

28. Der kjem de til å dyrka gudar som er laga av menneskehender, stokk og stein som korkje kan sjå eller høyra, eta eller lukta.

29. Men dersom de søkjer Herren din Gud der, skal du finna han når du søkjer han av heile ditt hjarte og heile di sjel.

30. I di naud, når alt dette rammar deg i dagar som kjem, skal du venda om til Herren din Gud og høyra på røysta hans.

31. For Herren din Gud er ein miskunnsam Gud. Han slepper deg ikkje og øydelegg deg ikkje. Han gløymer ikkje den pakta han gjorde med fedrane dine, og som han stadfeste med eid.

Herren har vist si kraft

32. Spør berre om dei framfarne dagar som var lenge før di tid, alt frå den dagen då Gud skapte menneska på jorda, spør frå den eine enden av himmelen til den andre: Har det hendt noko så stort som dette, har nokon høyrt om slikt?

33. Har noko folk høyrt ei guderøyst tala ut frå elden, slik som du gjorde, og endå fått leva?

34. Eller har nokon gud prøvd å koma og henta seg eit folk ut frå eit anna, ved prøvingar og teikn, ved under og krig, med sterk hand og utstrekt arm og store, skremmelege gjerningar? Alt dette såg du at Herren dykkar Gud gjorde for dykk i Egypt.

35. Du fekk sjå det for at du skulle vita at det er Herren som er Gud, og at ingen er til utanom han.

36. Frå himmelen lét han deg høyra røysta si for å rettleia deg; på jorda lét han deg sjå sin store eld, og ut frå elden høyrde du orda hans.

37. Han elska fedrane dine og valde ut etterkomarane deira. Difor har han ved sitt nærvær og med si store kraft ført deg ut frå Egypt.

38. For di skuld driv han ut folkeslag som er større og sterkare enn du, og fører deg inn i landet deira og gjev deg det til eige, slik det er i dag.

39. Så skal du no vita og leggja deg på hjartet at Herren er Gud, både oppe i himmelen og nede på jorda, og det finst ingen annan.

40. Du skal halda forskriftene og boda hans som eg gjev deg i dag. Då kan det gå deg vel, og borna dine etter deg, og du kan leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg for all framtid.

Fristader aust for Jordan

41. På den tid skilde Moses ut tre byar på den andre sida av Jordan, der sola står opp.

42. Dit kunne ein drapsmann rømma når han hadde slege nokon i hel av vanvare og ikkje bar hat til han frå før. Rømde han til ein av desse byane, kunne han berga livet.

43. Beser på slettelandet i ørkenen skulle vera for rubenittane, Ramot i Gilead for gadittane og Golan i Basan for Manasse.

Moses kunngjer lova

44. Dette er den lova Moses la fram for israelittane.

45. Dette er dei reglar, forskrifter og lover som Moses kunngjorde for israelittane då dei hadde drege ut frå Egypt.

46. Dei var på den andre sida av Jordan, i dalen midt imot Bet-Peor, i landet til amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon. Det var han som Moses og israelittane slo då dei drog ut frå Egypt.

47. Og dei tok både hans land og landet til kong Og i Basan, to amorittkongar som rådde over landet på den andre sida av Jordan, der sola står opp,

48. frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-elva, til Sirjon-fjellet, som blir kalla Hermon,

49. og dessutan heile Araba-sletta på den andre sida av Jordan, mot aust, heilt til Araba-sjøen nedanfor Pisga-liene.