Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Førstegrøda og tienda

1. Når du kjem inn i det landet Herren din Gud vil gje deg til eige, og du legg det under deg og buset deg der,

2. skal du ta noko av førstegrøda av alt du haustar inn frå jorda i landet ditt, det landet Herren din Gud gjev deg. Du skal leggja det i ei korg og fara til den staden Herren din Gud vel ut til bustad for namnet sitt.

3. Og du skal gå til presten som gjer teneste på den tid, og seia: «Eg vitnar i dag for Herren din Gud at eg er komen inn i det landet som Herren med eid lova fedrane våre å gje oss.»

4. Presten skal ta imot korga frå handa di og setja henne ned framfor altaret til Herren din Gud.

5. Framfor Herren din Guds andlet skal du ta ordet og seia: «Far min var ein omflakkande aramear. Han drog ned til Egypt med ein liten flokk og budde der som innflyttar. Der vart han til eit stort og sterkt og talrikt folk.

6. Men egyptarane mishandla og plaga oss og la hardt arbeid på oss.

7. Då ropa vi til Herren, våre fedrars Gud, og Herren høyrde ropa våre og såg kor mishandla, plaga og undertrykte vi var.

8. Og Herren førte oss ut frå Egypt med sterk hand og utstrekt arm og med skremmeleg kraft, med teikn og under.

9. Han førte oss til denne staden og gav oss dette landet, eit land som fløymer med mjølk og honning.

10. Og sjå, eg kjem med førstegrøda av det som er hausta inn på den jorda du gav meg, Herre.» Du skal setja det ned for Herren din Guds andlet, og du skal tilbe Herren din Gud.

11. Så skal du gleda deg over alt det gode som Herren din Gud har gjeve deg og huset ditt, både du og levitten og innflyttaren som bur hos deg.

12. Når du det tredje året, tiendåret, har samla inn tiend av all avlinga di og gjeve det til levittane, dei framande, dei farlause og enkjene, og dei så har ete seg mette i byane dine,

13. då skal du seia for Herren din Guds andlet: «Eg har teke det heilage ut av huset og gjeve det til levitten, innflyttaren, den farlause og enkja, nett som du har sagt meg. Eg har ikkje brote eller gløymt noko av boda dine.

14. Eg har ikkje ete av tienda medan eg hadde sorg. Eg har ikkje bore bort noko av henne medan eg var urein, og ikkje gjeve noko til dei døde. Eg har vore lydig mot Herren min Gud og gjort alt det du har sagt meg.

15. Sjå no ned frå din heilage bustad, frå himmelen, og velsigna folket ditt, Israel, og den jorda du har gjeve oss, slik du med eid lova fedrane våre, eit land som fløymer med mjølk og honning.»

Israel stadfester pakta

16. Denne dagen byd Herren din Gud deg å halda desse forskriftene og lovene. Du skal halda dei av heile ditt hjarte og heile di sjel og leva etter dei!

17. Du har i dag gjeve Herren ditt ord på at han skal vera din Gud, og at du vil gå på hans vegar, halda hans forskrifter, bod og dommar og lyda han.

18. Og Herren har i dag gjeve deg sitt ord på at du skal vera hans kostelege eigedom, slik han har sagt deg, når du held alle hans bod.

19. Då skal han setja deg høgt over alle folkeslag han har skapt, til pris og ære og prydnad, og du skal vera eit heilagt folk for Herren din Gud, slik som han har sagt.