Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Det prestane og levittane har rett til

1. Levittprestane, heile Levi-stammen, skal ikkje ha nokon arv og del med Israel. Dei skal leva av Herrens gåveoffer og hans eigedom.

2. Men dei skal ikkje ha nokon arv mellom brørne sine. Herren er arven deira, slik han har lova.

3. Dette har prestane rett til å krevja frå folket, frå dei som ber fram slaktoffer, anten det er okse eller sau: Presten skal ha bogen, kjevane og vomma.

4. Førstegrøda av korn, ny vin og fin olje og den første ulla av småfeet skal du òg gje han.

5. For Herren din Gud har valt ut Levi blant stammane dine for at han og sønene hans skal gjera teneste i Herrens namn til alle tider.

6. Om ein levitt dreg frå ein av byane i Israel der han held til, og han har lyst til å koma til den staden Herren vel seg ut,

7. kan han gjera teneste der i namnet til Herren sin Gud, liksom alle brørne hans, levittane, dei som står for Herrens andlet.

8. Dei skal få like store delar å leva av, forutan det kvar og ein kan få om han sel fedrearven sin.

Falske og sanne profetord

9. Når du kjem til det landet Herren din Gud gjev deg, skal du ikkje ta etter alle avskyelege skikkar hos folkeslaga der.

10. Hos deg må det ikkje finnast nokon som lèt son sin eller dotter si gå gjennom elden, ingen som tek varsel, ingen teikntydar, spåmann eller trollmann,

11. ingen som driv med magi, spør gjenferd eller spådomsånder til råds eller søkjer hjelp hos dei døde.

12. For Herren avskyr alle som gjer slikt, og det er på grunn av dette avskyelege at Herren din Gud tek landet frå dei og gjev det til deg.

13. Du skal vera heilhjarta mot Herren din Gud.

14. Desse folkeslaga som du tek landet frå, høyrer på teikntydarar og spåmenn. Men deg kan Herren din Gud ikkje gje lov til slikt.

Ein profet skal stå fram

15. Ein profet som meg vil Herren din Gud la stå fram hos deg, ein av landsmennene dine. Han skal de høyra på.

16. Det var dette du bad Herren din Gud om ved Horeb den dagen de var samla der: «Lat meg aldri meir få høyra røysta til Herren min Gud eller få sjå denne veldige elden, for då må eg døy.»

17. Då sa Herren til meg: Det er rett det dei seier.

18. Eg vil la ein profet som deg stå fram, ein av deira eigne. Eg vil leggja orda mine i munnen hans, og han skal forkynna for dei alt det eg byd han.

19. Den som ikkje høyrer på dei ord han talar i mitt namn, han vil eg krevja til rekneskap.

20. Men vågar ein profet å tala noko i mitt namn som eg ikkje har sagt han, eller talar han i namnet til andre gudar, då skal den profeten døy.

21. Det kan henda at du seier i hjartet ditt: «Korleis veit vi at eit ord ikkje kjem frå Herren?»

22. Om profeten talar i Herrens namn, men det han forkynner, ikkje hender og ordet ikkje blir oppfylt, då er dette eit ord som ikkje kjem frå Herren. Profeten har tala det eigenrådig. Du skal ikkje vera redd han!