Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Lover om krig

1. Når du dreg ut i krig mot fiendane dine og får auge på hestar og vogner, ein hær som er større enn din, så ver ikkje redd dei. For Herren din Gud er med deg, han som førte deg opp frå Egypt.

2. Når de stiller opp til strid, skal presten stiga fram og tala til krigsfolket.

3. Han skal seia til dei: «Høyr, Israel! I dag går de til strid mot fiendane dykkar. Mist ikkje motet! Frykt ikkje, skjelv ikkje av redsle, lat dykk ikkje skremma av dei!

4. For det er Herren dykkar Gud som går med dykk. Han vil strida for dykk mot fiendane og gje dykk siger.»

5. Så skal tilsynsmennene tala til krigsfolket og seia: «Er det nokon som har bygd seg eit nytt hus, men ikkje vigsla det enno, kan han dra heim att, så ikkje ein annan skal vigsla huset om han fell i krigen.

6. Er det nokon som har planta ei vinmark, men enno ikkje teke henne i bruk, kan han dra heim att, så ikkje ein annan skal ta vinmarka i bruk om han fell i krigen.

7. Og er det nokon som har bunde seg til ei kvinne, men enno ikkje har teke henne til ekte, kan han dra heim att, så ikkje ein annan skal ta henne til ekte om han fell i krigen.»

8. Tilsynsmennene skal halda fram og seia til krigsfolket: «Er det nokon som er redd og motlaus, kan han dra heim att, så ikkje hjartet til våpenbrørne hans òg skal smelta bort.»

9. Når så tilsynsmennene er ferdige med å tala til krigsfolket, skal dei velja ut hærførarar.

10. Når du dreg fram mot ein by og vil gå til åtak på han, skal du først by han fred.

11. Dersom byen tek imot fredstilbodet og opnar portane for deg, skal alt folket som finst i byen, vera slavar og tena deg.

12. Men dersom dei ikkje vil slutta fred, men føra krig med deg, skal du kringsetja byen.

13. Herren din Gud vil overgje han i dine hender, og du skal hogga ned alle mennene der med sverd.

14. Men kvinnene, småborna og husdyra og alt anna i byen kan du ta med deg som hærfang. Du kan ta for deg av dette hærfanget frå fiendane dine som Herren din Gud gjev deg.

15. Såleis skal du fara fram i alle byane som ligg langt borte frå deg og ikkje høyrer folkeslaga her til.

16. Men i dei byane som høyrer desse folka til, og som Herren din Gud gjev deg til eigedom, der skal du ikkje spara ein einaste levande skapning.

17. Du skal slå dei alle med bann og utrydda dei, både hetittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane, slik Herren din Gud har bode deg.

18. Elles kunne dei læra dykk å ta etter alt det avskyelege dei sjølve har gjort for gudane sine, slik at de syndar mot Herren dykkar Gud.

19. Når du krigar mot ein by og må kringsetja han i lang tid før du kan ta han, skal du ikkje bruka øks på trea der og øydeleggja dei. Du kan eta av dei, men du må ikkje hogga dei ned. Er trea på marka menneske, så du må kringsetja dei òg?

20. Berre når du er sikker på at trea ikkje ber etande frukt, kan du øydeleggja dei. Du kan hogga dei ned og bruka dei til å byggja stillingar for å kringsetja den byen som er i krig med deg, heilt til han fell.