Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Høyr, Israel

1. Dette er dei boda, forskriftene og lovene som Herren dykkar Gud har pålagt meg å læra dykk, for at de skal leva etter dei i det landet de er på veg til og skal leggja under dykk.

2. Du skal frykta Herren din Gud så lenge du lever, og halda alle boda og forskriftene hans som eg gjev deg, både du og son din og soneson din, og du skal få eit langt liv.

3. Høyr då, Israel! Legg vinn på å leva etter dei! Då skal det gå deg vel. De skal bli talrike, slik som Herren, dine fedrars Gud, har lova deg, i eit land som fløymer med mjølk og honning.

4. Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin.

5. Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt.

6. Desse orda som eg byd deg i dag, skal du gøyma i hjartet ditt.

7. Du skal innprenta dei i borna dine og snakka om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp.

8. Du skal binda dei om handa di som eit teikn og bera dei på panna som eit merke.

9. Du skal skriva dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine.

10. No vil Herren din Gud føra deg inn i det landet som han med eid lova fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob, at han ville gje deg, eit land med store, vakre byar som du ikkje har bygd,

11. velfylte hus som du ikkje har fylt, utgravne brønnar som du ikkje har grave, vinmarker og oliventre som du ikkje har planta. Når du så har ete deg mett,

12. ta deg då i vare så du ikkje gløymer Herren, som førte deg ut frå Egypt, ut frå slavehuset.

Herren din Gud skal du frykta og tena

13. Herren din Gud skal du frykta, han skal du tena, og ved hans namn skal du sverja.

14. De skal ikkje følgja andre gudar, slike gudar som grannefolka dykkar følgjer.

15. For Herren din Gud, som er hos deg, er ein nidkjær Gud. Harmen hans kunne flamma opp mot deg og utrydda deg frå jorda.

16. De skal ikkje setja Herren dykkar Gud på prøve, slik som de gjorde ved Massa.

17. Legg vinn på å halda lovene til Herren dykkar Gud, dei boda og forskriftene som han har gjeve deg.

18. Du skal gjera det som er rett og godt i Herrens auge, så det kan gå deg vel. Då skal du få koma inn og ta i eige det gode landet som Herren med eid lova fedrane våre.

19. Herren vil driva ut alle fiendane dine for deg, slik som han har sagt.

20. Når son din i morgon spør deg: «Kva tyder desse boda, forskriftene og reglane som Herren vår Gud har gjeve dykk?»

21. skal du svara: «Vi var slavar hos farao i Egypt, men Herren førte oss ut frå Egypt med sterk hand.

22. Herren gjorde store teikn og under framfor auga våre og førte ulukke over Egypt og farao og heile hans hus.

23. Men oss førte han ut derifrå slik at han kunne leia oss inn i og gje oss det landet som han med eid hadde lova fedrane våre.

24. Herren baud oss å halda alle desse forskriftene og frykta Herren vår Gud, slik at det kunne gå oss vel alle dagar og han kunne la oss leva, som han har gjort til denne dag.

25. Og det skal vera vår rettferd, at vi for Herren vår Guds andlet trufast følgjer alle desse boda, slik han har pålagt oss.»