Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. På den tid samla filistrane hærane sine og ville gå til krig mot Israel. Då sa Akisj til David: «Du veit vel at både du og mennene dine må følgja meg i kamp?»

2. David svara: «Godt, du skal få sjå kva tenaren din duger til.» Akisj sa: «Så set eg deg til sjef for livvakta mi for alltid.»

Saul hos spåkvinna i En-Dor

3. No var Samuel død. Heile Israel hadde halde sørgjehøgtid over han, og dei hadde gravlagt han i Rama, heimbyen hans. Saul hadde drive ut av landet dei som mana fram daudingar og spådomsånder.

4. Filistrane samla seg, drog til Sjunem og slo leir der. Saul samla heile Israel og slo leir på Gilboa-fjellet.

5. Men då Saul såg filistarleiren, vart han så redd at hjartet hans skalv.

6. Han spurde Herren til råds, men Herren svara han ikkje, korkje i draumar eller ved urim eller gjennom profetar.

7. Då sa Saul til mennene sine: «Finn meg ei kvinne som kan mana fram gjenferd, så vil eg gå til henne og spørja henne til råds.» Mennene svara: «I En-Dor er det ei kvinne som kan mana fram gjenferd.»

8. Saul gjorde seg no ukjenneleg og tok på seg andre klede. Han gjekk av stad saman med to mann, og dei kom til kvinna om natta. Saul sa til henne: «Kall fram ein av dei døde og spå meg! Hent opp den som eg nemner for deg.»

9. Kvinna svara: «Du veit då sjølv kva Saul har gjort, at han har rydda ut alle i landet som manar fram daudingar og spådomsånder? Kvifor set du snarer for meg? Kvifor vil du drepa meg?»

10. Då svor Saul henne ein eid ved Herren og sa: «Så sant Herren lever: Det skal ikkje koma skuld over deg for dette.»

11. Kvinna spurde: «Kven skal eg henta opp til deg?» Han svara: «Samuel.»

12. Men då kvinna såg Samuel, sette ho i eit høgt skrik og sa til Saul: «Kvifor har du narra meg? Du er då Saul!»

13. Men kongen sa til henne: «Ver ikkje redd! Kva er det du ser?» Kvinna svara: «Eg ser eit gudevesen stiga opp av jorda.»

14. «Korleis ser det ut?» spurde Saul. Kvinna svara: «Ein gammal mann stig opp. Han er kledd i ei kappe.» Då skjøna Saul at det var Samuel, og han kasta seg ned med andletet mot jorda.

15. Samuel sa til Saul: «Kvifor har du uroa meg og henta meg opp?» Saul svara: «Eg er i stor naud. Filistrane fører krig mot meg, og Gud har vendt seg frå meg. Han svarar meg ikkje lenger, korkje gjennom profetar eller i draumar. Difor har eg kalla på deg, så du skal la meg få vita kva eg skal gjera.»

16. Då sa Samuel: «Kvifor spør du meg når Herren har vendt seg frå deg og vorte fienden din?

17. Herren har gjort med deg slik som han sa gjennom meg. Han har rive kongedømet ut av handa di og gjeve det til ein annan, til David.

18. Fordi du ikkje lydde Herren og ikkje fullførte vreidedommen hans over amalekittane, difor har Herren no gjort dette mot deg.

19. Herren vil gje både deg og Israel i filistarhand. I morgon skal du og sønene dine vera hos meg. Og Herren skal gje Israels-hæren òg i filistarhand.»

20. Med det same Saul høyrde det Samuel sa, kom det slik redsle over han at han fall til jorda så lang han var. Han var heilt kraftlaus, for han hadde ikkje smaka mat heile dagen og heile natta.

21. Kvinna kom bort til Saul. Og då ho såg kor redd han var, sa ho til han: «Tenestekvinna di har lydd deg. Eg våga livet og gjorde som du sa til meg.

22. Så høyr no du òg på tenestekvinna di og lat meg få setja fram litt mat for deg. Et, så du kan koma til krefter før du dreg din veg.»

23. Men han nekta og sa: «Eg vil ikkje ha mat.» Men då både mennene hans og kvinna nøydde han, gjorde han som dei sa. Han reiste seg opp frå jorda og sette seg på senga.

24. Kvinna hadde ein gjøkalv heime, og den skunda ho seg å slakta. Så tok ho mjøl, knadde det og baka usyra brød.

25. Ho bar maten fram for Saul og mennene hans, og dei åt. Same natta braut dei opp og drog sin veg.