Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Herren kallar Samuel

1. Guten Samuel gjorde no teneste for Herren under tilsyn av Eli. I dei dagane kom det sjeldan ord frå Herren, og av syn var det få.

2. Så var det ein gong Eli låg og sov på den faste plassen sin. Auga hans var så svake at han ikkje kunne sjå.

3. Guds lampe hadde endå ikkje slokna, og Samuel låg i Herrens tempel, der Guds paktkiste stod.

4. Då ropa Herren på Samuel. Han svara: «Her er eg»,

5. og sprang inn til Eli og sa: «Her er eg; du ropa på meg.» Men Eli sa: «Eg ropa ikkje. Gå og legg deg att!» Så gjekk han og la seg.

6. Då ropa Herren ein gong til: «Samuel!» Og Samuel stod opp og gjekk inn til Eli. «Her er eg», sa han; «du ropa på meg.» Men Eli svara: «Nei, eg ropa ikkje, son min. Gå og legg deg!»

7. Samuel kjende enno ikkje Herren, for Herrens ord var ikkje openberra for han.

8. Så ropa Herren ein tredje gong på Samuel. Han stod opp og gjekk inn til Eli. «Her er eg», sa han; «du ropa på meg.» Då skjøna Eli at det var Herren som ropa på guten,

9. og han sa til Samuel: «Gå og legg deg! Og ropar han på deg att, skal du svara: Tala, Herre, tenaren din høyrer!» Så gjekk Samuel og la seg på plassen sin.

10. Då kom Herren, stilte seg framfor han og ropa som før: «Samuel, Samuel!» Og Samuel svara: «Tala, tenaren din høyrer!»

11. Herren sa til Samuel: «No vil eg gjera noko i Israel som får det til å ringja for øyra på alle som høyrer om det.

12. Den dagen skal Eli bli råka av alt det eg har varsla om hans hus, frå først til sist.

13. Eg har kunngjort for han at eg vil dømma hans hus for alle tider. For han kjende til synda – at sønene hans forbanna Gud. Likevel tala han dei ikkje til rette.

14. Difor har eg svore mot Elis hus: Aldri skal deira skuld kunna sonast, korkje med slaktoffer eller offergåver.»

15. Samuel vart liggjande til det var morgon. Då opna han dørene til Herrens hus; men han våga ikkje å fortelja Eli om synet.

16. Då ropa Eli på han og sa: «Samuel, son min!» «Her er eg», svara han.

17. Eli spurde: «Kva var det han sa til deg? Løyn det ikkje for meg! Måtte Gud la det gå deg ille både no og sidan om du løyner for meg noko av det han sa til deg.»

18. Så fortalde Samuel alt saman og løynde ingen ting for han. Då sa Eli: «Han er Herren. Han må gjera som han tykkjer best.»

19. Så voks Samuel opp. Herren var med han og lét ikkje nokon av orda hans falla maktlause til jorda.

20. Då skjøna heile Israel frå Dan til Beer-Sjeba at Samuel hadde vorte tiltrudd å vera profet for Herren.

21. Og Herren heldt fram med å syna seg i Sjilo; der openberra Herren seg for Samuel gjennom sitt ord.