Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

David i teneste hos filistrane

1. Men David sa til seg sjølv: «Ein dag kjem eg likevel til å mista livet for Sauls hand. Det beste eg kan gjera, er å rømma til filistarlandet. Då vil Saul halda opp med å leita etter meg over heile Israel, og eg slepp unna han.»

2. Så braut David opp saman med dei seks hundre mennene som følgde han, og drog over til Akisj, son til Maok, kongen i Gat.

3. David slo seg ned hos Akisj i Gat saman med mennene sine, kvar og ein med sin huslyd. David hadde med seg begge konene sine, Ahinoam frå Jisreel og Abigajil frå Karmel, ho som hadde vore gift med Nabal.

4. Då Saul fekk vita at David hadde flykta til Gat, heldt han opp med å leita etter han.

5. David sa til Akisj: «Om du ser på meg med velvilje, så lat meg få bustad i ein av landsbyane. Kvifor skulle eg, tenaren din, bu saman med deg i kongsbyen?»

6. Same dagen lét Akisj han få Siklag. Difor har Siklag høyrt Juda-kongane til heilt til denne dag.

7. Den tida David budde i filistarlandet, var eitt år og fire månader.

8. David og mennene hans drog ofte ut på plyndringstokt blant gesjurittane, girsittane og amalekittane. Det var dei folka som frå gammalt av hadde budd i landet, bort mot Sjur og heilt til Egypt.

9. Når David herja landet, lét han korkje menn eller kvinner vera att. Han tok med seg småfe og storfe, esel, kamelar og klede og kom tilbake til Akisj med det.

10. Når så Akisj spurde: «Kvar har de plyndra i dag?» svara David: «I Judas del av Negev, i delen til jerahmeelittane og i delen til kenittane.»

11. David lét korkje mann eller kvinne vera att så dei kunne koma til Gat, for han tenkte: «Dei kunne fortelja eitkvart om oss og seia at så og så har David gjort.» Såleis fór David fram heile den tida han budde i filistarlandet.

12. Men Akisj stola på David og tenkte: «No har han gjort seg grundig hata av Israel, sitt eige folk. Han kjem til å vera i mi teneste for alltid.»