Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Og det Samuel sa, gjekk ut til heile Israel.Israelittane drog no ut for å kjempa mot filistrane. Dei slo leir ved Eben-Eser, medan filistrane slo leir ved Afek.

Filistrane tek Herrens paktkiste

2. Filistrane samla hæren sin mot israelittane, og kampen breidde seg. Israel vart slegne av filistrane, som slo ned om lag fire tusen mann på slagmarka.

3. Då folket kom tilbake til leiren, sa dei eldste i Israel: «Kvifor lét Herren oss lida nederlag mot filistrane i dag? Lat oss henta Herrens paktkiste i Sjilo, så han kan koma hit og vera blant oss og berga oss frå fiendane våre.»

4. Så sende folket bod til Sjilo, og dei henta paktkista som høyrer til Herren over hærskarane, han som tronar over kjerubane. Og dei to Eli-sønene, Hofni og Pinhas, følgde Guds paktkiste.

5. Då Herrens paktkiste kom til leiren, sette heile Israel i eit jubelrop så sterkt at jorda skalv.

6. Filistrane høyrde lyden av ropet og sa: «Kvifor er det slike høge jubelrop i hebrearleiren?» Dei fekk vita at Herrens paktkiste var komen dit.

7. Då vart dei redde, for dei tenkte: «Det har kome ein gud til leiren.» Og dei sa: «Ve oss! Slikt har aldri hendt før.

8. Ve oss! Kven skal berga oss frå desse mektige gudane? Dette er då dei gudane som slo egyptarane med alle slags plager i ørkenen.

9. Men ta mot til dykk, filistrar, og ver menn, så de ikkje endar som slavar for hebrearane slik dei har vore slavar for dykk! Manna dykk opp og gå til kamp!»

10. Så gjekk filistrane til åtak. Israelittane vart slegne og flykta, kvar til sitt. Mannefallet vart svært stort; tretti tusen fotfolk av Israels hær fall.

11. Guds paktkiste vart teken, og begge Eli-sønene, Hofni og Pinhas, mista livet.

12. Ein mann av Benjamin-stammen sprang frå slagmarka og kom same dagen til Sjilo med sundrivne klede og jord på hovudet.

13. Då han kom dit, sat Eli på stolen sin ved vegen og speida, for han var full av uro for Guds paktkiste. Då mannen kom inn i byen og fortalde kva som hadde hendt, høyrdest eit jammerskrik over heile byen.

14. Eli høyrde skrikinga og spurde: «Kva er dette for ståk?» Mannen skunda seg bort til Eli og fortalde han det.

15. Eli var då 98 år gammal. Auga hans var stivna, og han kunne ikkje sjå.

16. Mannen sa til han: «Eg kjem frå slagmarka, eg rømde frå slaget i dag.» Då spurde Eli: «Korleis har det gått, son min?»

17. Bodberaren svara: «Israel flykta for filistrane, og vi leid stort tap. Begge sønene dine, Hofni og Pinhas, har òg mista livet, og Guds paktkiste er teken.»

18. Med det same han nemnde Guds paktkiste, fall Eli baklengs ned av stolen attmed porten, braut nakken og døydde, for han var ein gammal og tung mann. Han hadde då vore dommar i Israel i førti år.

19. Svigerdotter hans, kona til Pinhas, venta barn og skulle snart føda. Då ho høyrde at Guds paktkiste var teken, og at svigerfar og mannen hennar var døde, kom riene over henne, og ho seig i kne og fødde.

20. Ho låg for døden, og kvinnene som stod rundt henne, sa: «Ver ikkje redd, du har fått ein son!» Men ho svara ikkje og ansa ikkje kva dei sa.

21. Ho kalla guten Ikabod og sa: «Herlegdomen er borte frå Israel!» For Guds paktkiste var teken, og svigerfar og mannen hennar var døde.

22. «Herlegdomen er borte frå Israel!» sa ho, «for Guds paktkiste er teken.»