Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Samuel tek avskil med folket

1. Samuel sa til heile Israel: «Eg har høyrt på alt de har sagt til meg, og eg har sett ein konge over dykk.

2. Frå no av er det kongen som skal leia dykk. Eg er gammal og grå, og sønene mine er mellom dykk. Frå eg var ung og til denne dag har eg vore leiaren dykkar.

3. Her står eg. Før no klagemål mot meg framfor Herren og den han har salva! Er det nokon eg har teke ein okse frå? Er det nokon eg har teke eit esel frå? Er det nokon eg har undertrykt? Er det nokon eg har mishandla? Er det nokon eg har teke imot stikkpengar frå – og så late att auga for uretten? Om så er, vil eg gje det tilbake.»

4. Dei svara: «Du har korkje undertrykt oss eller mishandla oss eller teke imot noko frå nokon.»

5. Då sa han til dei: «I dag er Herren og den han har salva, vitne på at de ikkje har funne noka skuld hos meg.» Folket svara: «Ja, han er vitne.»

6. Så sa Samuel til folket: Ja, Herren er vitne, han som handla gjennom Moses og Aron, og som førte fedrane dykkar opp frå Egypt.

7. Kom no fram, så vil eg føra klagemål mot dykk for Herrens andlet og fortelja om alle Herrens rettferdige gjerningar mot dykk og fedrane dykkar.

8. Då Jakob var komen til Egypt, ropa fedrane dykkar til Herren, og han sende Moses og Aron. Dei førte fedrane dykkar ut frå Egypt og lét dei få bu på denne staden.

9. Men dei gløymde Herren sin Gud. Difor gav han dei i hendene på Sisera, hærføraren i Hasor, og i hendene på filistrane og kongen i Moab. Alle desse gjekk til krig mot dei.

10. Då ropa dei til Herren og sa: «Vi har synda, for vi har gått bort frå Herren og dyrka Baal-gudane og Astarte-bileta. Men fri oss no ut av hendene på fiendane våre, så skal vi tena deg.»

11. Så sende Herren Jerubbaal og Bedan og Jefta og Samuel og berga dykk frå fiendane rundt omkring, så de kunne bu trygt.

12. Men då de såg at Nahasj, kongen over ammonittane, kom mot dykk, sa de til meg: «Nei, vi vil ha ein konge til å styra oss» – endå Herren dykkar Gud var kongen dykkar.

13. Sjå, her er kongen som de har valt, han som de bad om. No har Herren sett ein konge over dykk.

14. Om de fryktar Herren, tener og lyder han og ikkje set dykk opp mot hans ord, men følgjer Herren dykkar Gud, både de og kongen som rår over dykk, så er det godt.

15. Men vil de ikkje lyda Herrens røyst, men set dykk opp mot hans ord, skal Herrens hand ramma dykk som ho ramma fedrane dykkar.

16. Stig no fram og sjå det store som Herren vil gjera for auga på dykk!

17. Er det ikkje no tid for kveitehausten? Eg vil ropa til Herren, og han skal senda torevêr og regn. Då skal de skjøna og sjå at det i Herrens auge var ei stor synd de gjorde då de kravde ein konge.

18. Samuel ropa til Herren, og han sende torevêr og regn den dagen. Då vart folket gripe av stor frykt for Herren og for Samuel,

19. og dei sa til Samuel: «Bed til Herren din Gud at vi, tenarane dine, ikkje må døy. For vi la endå ei vond gjerning til alle syndene våre då vi kravde ein konge.»

20. Samuel sa då til folket: «Ver ikkje redde! De har gjort alt dette vonde; men vik no berre ikkje frå Herren, men ten Herren av heile dykkar hjarte!

21. Vik ikkje frå han! Følg ikkje tomme gudar som korkje kan hjelpa eller frelsa. For gagnlause er dei.

22. For sitt store namn skuld vil Herren ikkje forkasta folket sitt, for han har sett seg føre å gjera dykk til sitt folk.

23. Og eg, aldri skal eg gjera slik ei synd mot Herren at eg held opp med å be for dykk. Eg skal læra dykk den gode og rette vegen.

24. Frykt Herren og ten han med truskap og av eit heilt hjarte! For sjå kor store ting han har gjort mot dykk!

25. Men gjer de det som er vondt, skal både de og kongen dykkar gå til grunne.»