Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 2 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. De skal seia til brørne dykkar: «mitt folk» og til systrene dykkar: «du som har fått miskunn».

Israels utruskap

2. Før klagemål mot mor dykkar,før klagemål mot henne!For ho er ikkje kona mi,og eg er ikkje mannen hennar.Lat henne få horemina bort ¬frå andletetog horemerket frå barmen!

3. Elles skal eg kle henne nakenog stella henne fram ¬som ho varden dagen ho vart fødd.Eg vil gjera henne lik ¬ei øydemark, eit turrlende,og la henne døy av torste.

4. Borna hennar ¬vil eg ikkje miskunna,for dei er horeborn.

5. For mor deira var utru,ho som fekk dei, ¬bar seg skamleg åt.Ho sa: «Eg vil fara ¬etter mine elskarar,som gjev meg brød og vatn,ull og lin, olje og vin.»

6. Sjå, difor vil eg stengjavegen for henne med klunger.Eg reiser ein mur ¬framføre henne,så ho ikkje finn sine stigar.

7. Når ho renner ¬etter sine elskarar,skal ho ikkje nå dei att;når ho leitar etter dei,skal ho ikkje finna dei.Då skal ho seia: «Eg vil attendetil min fyrste mann,for eg hadde det betre då ¬enn no.»

8. Ho skjøna ikkje at det var egsom gav henne kornet, ¬vinen og oljen,som gav henne sølv og gull ¬i mengd,som dei bruka ¬når dei dyrka Ba’al.

9. Difor vil eg ta att kornet mitt, ¬når den tid kjem,og vinen min, ¬når tida er komen.Eg vil ta bort ulla mi ¬og linet mitt,som skulle løyna ¬hennar nakne kropp.

10. No vil eg kle henne nakenbeint for augo ¬på hennar elskarar,og ingen skal fria henne ut ¬or mi hand.

11. Eg gjer ende ¬på all hennar glede,hennar festar, nymånedagar ¬og sabbatsdagar,alle hennar høgtider.

12. Eg øydelegg hennar vintre ¬og fikentre.Om dei har ho sagt: ¬«Dei er mi løn,som mine elskarar gav meg.»Eg gjer dei til villskog,og dyra på marka skal eta dei.

13. Eg krev henne til rekneskap ¬for dei dagardå ho brende offer ¬for Ba’al-gudane,pynta seg med ringar og kjederog gjekk etter sine elskarar,men gløymde meg,lyder ordet frå Herren.

Gud tek Israel til nåde att

14. Sjå, eg vil lokka henne, føra henne ut i øydemarka og tala venleg til henne.

15. Når ho kjem derifrå, vil eg gje henne att vinhagane hennar, og Akor-dalen skal verta ein port som gjev von. Der skal ho svara meg som i ungdomsdagane, som då ho fór opp frå Egypt.

16. Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba’al.

17. Eg vil ta Ba’al-namna ut or munnen hennar; dei skal ikkje nemnast meir.

18. Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med dyra på marka, fuglane under himmelen og kreket på jorda. Boge, sverd og andre krigsvåpen vil eg bryta sund og rydja ut or landet, og eg vil la deg bu trygt.

19. Eg vil trulova meg med deg for alltid. Eg vil trulova meg med deg i rettferd og rett, i nåde og miskunn.

20. Ja, i truskap vil eg trulova meg med deg, og du skal kjenna Herren.

21. Den dagen vil eg bønhøyra, lyder ordet frå Herren. Eg vil bønhøyra himmelen, og han skal bønhøyra jorda.

22. Jorda skal bønhøyra kornet, vinen og oljen, og dei skal bønhøyra Jisre’el.

23. Eg vil så Israel ut i landet og miskunna meg over ’Utan miskunn’. Til ’Ikkje mitt folk’ vil eg seia: «Du er mitt folk.» Og han skal svara: «Min Gud!»