Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Ulukka kjem som eit Herrens ver

1. Når Efraim tala, ¬vart alle redde,han stod høgt i Israel.Men han dyrka Ba’al;såleis førte han skuld over seg ¬og døydde.

2. Og no held dei fram ¬med å synda.Dei lagar støypte bilete ¬av sitt sølvog avgudar ¬etter sitt eige hovud– alt er det gjort ¬av handverkarar.Folk seier om dei:«Dei som ofrar menneske, ¬kysser kalvar.»

3. Difor skal dei verta ¬som ei morgonsky,lik dogg som tidleg kverv,lik agner som blæs bort ¬frå treskjevollen,lik røyk som stig opp ¬gjennom ljoren.

4. Eg er Herren din Gud,heilt frå du var i Egypt.Du kjenner ingen annan Gud ¬enn meg,forutan meg ¬finst det ingen frelsar.

5. Eg tok meg av deg ¬i øydemarka,i det heite og turre landet.

6. Beitet var godt, ¬og dei åt seg mette.Då dei var mette, ¬vart dei store og stolte,difor gløymde dei meg.

7. Eg vil vera mot dei som ei løve,lik leoparden ¬som lurer ved vegen.

8. Eg vil koma over dei ¬som ei binnesom dei har teke ungane frå,og riva sund deira bryst.Eg vil eta dei opp som ei løve,villdyra i marka ¬skal slita dei sund.

9. Når ulukka kjem, Israel,kven skal hjelpa deg då?

10. Kvar er då din kongesom kan berga deg ¬i alle dine byar,og kvar er dine styresmenn?Du har då sagt:«Gjev meg konge ¬og hovdingar!»

11. Eg gjev deg ein konge ¬i min vreide,og i min harme tek eg han bort.

12. Efraims misgjerning ¬er oppsamla,hans synd er gøymd.

13. Riene kjem, han skal fødast,men han er ein uvitug son.Når tida er ute, kjem han ikkjefram frå mors liv.

14. Or helheims vald ¬vil eg fria dei,frå døden vil eg løysa dei ut.Død, kvar er din pest?Dødsrike, kvar er di sott? Medkjensle veit eg ikkje av.

15. Ja, han skil brør frå kvarandre.Det kjem ein austavind, ¬eit Herrens ver,farande opp frå øydemarka.Då vert brunnen tom ¬og kjelda turr.Skattkammeret vert plyndrafor alle dyre eigneluter.