Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Guds kjærleik til Israel

1. Då Israel var ung, ¬fekk eg han kjær,frå Egypt kalla eg son min.

2. Men di meir eg ropa på folket,di meir gjekk dei bort frå meg.Dei ofra til Ba’al-gudane,brende offer for gudebilete,

3. – endå eg lærte Efraim å gåog tok dei på armane mine;men dei skjøna ikkje ¬at eg lækte dei.

4. Eg drog dei med milde band,ja, med kjærleiks taumar.Eg stelte med dei ¬liksom bondensom lyfter åket frå nakken;eg bøygde meg ned ¬og gav dei mat.

5. Dei skal ikkje koma attende ¬til Egypt,men Assur ¬skal vera kongen deira,for dei vil ikkje venda om.

6. Sverdet skal rasa i byane deira,bryta sund bommane ¬og eta om seg,for deira planar er vonde.

7. Mitt folk heng fast ¬ved sitt fråfall frå meg.Dei ropar alle til Den Høge,men han reiser dei ikkje opp.

8. Korleis kan eg gje deg opp, ¬Efraim,la deg fara, Israel?Korleis gje deg opp som Adma,gjera med deg ¬som med Sebojim?Hjarta vender seg i meg,all min medynk vaknar.

9. Eg vil ikkje fylgja ¬min brennande vreide,vil ikkje atter tyna Efraim.For eg er Gud ¬og ikkje eit menneske,heilag midt imellom dykk;eg vil ikkje koma med harme.

10. Dei skal halda seg til Herren.Han skal brøla som ei løve.Og når han brøler, ¬skal sønene hanskoma skjelvande frå vest.

11. Skjelvande skal dei komasom ein fugl frå Egypt,som ei due frå Assur.Eg vil la dei bu i husa sine,lyder ordet frå Herren.