Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Samaria skal bøta,fordi folket i byen ¬var trassig mot sin Gud.Dei skal falla for sverd,deira småborn skal knusast,og kvinnene som ventar barn,skal skjerast opp.

Eg vil lækja deira fråfall

2. Vend om, Israel, ¬til Herren din Gud,for synda di har ført deg til fall.

3. Kom med dei rette ord,vend om til Herren og sei:«Tilgjev all vår skuld,og ta imot vår gode gåve,så gjev vi deg lovsong ¬med våre lipper!

4. Assur kan ikkje hjelpa oss.Vi vil ikkje ri på hestarog ikkje lenger seia: Vår gud!til det våre hender har gjort.Hjå deg finn den farlause ¬miskunn.»

5. Eg vil lækja deira fråfall,og eg vil elska dei av hjarta,for vreiden min har vendt seg ¬frå dei.

6. Eg vil vera som dogg for Israel;han skal bløma som ei liljeog røta seg som trea ¬på Libanon.

7. Hans renningar ¬skal breia seg utover,han skal vera fager ¬som oliventreetog anga som skogen ¬på Libanon.

8. Atter skal dei bu ¬i min skugge,endå ein gong ¬skal dei dyrka korn.Dei skal bløma som eit vintre,få ry som vinen frå ¬Libanon.

9. Kva skal Efraim ¬med avgudar meir?Eg vil bønhøyra han ¬og sjå til han.Eg er som ein grøn sypress,frå meg skal frukta di koma.

10. Kven er så klok ¬at han skjønar dette,så vitug ¬at han merkar seg det?Ja, Herrens vegar er rette,dei rettferdige ferdast ¬på dei,men illgjerdsmennene ¬snåvar.