Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Efesarane 6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. De born skal vera lydige mot foreldra dykkar for Herrens skuld, for det er rett.

2. Æra far din og mor di, dette er det fyrste bodet med lovnad:

3. så det kan gå deg vel og du får leva lenge i landet.

4. De fedrar, vekk ikkje sinne og trass hjå borna, men gjev dei den oppseding og rettleiing som er etter Herrens vilje.

5. De trælar skal vera lydige mot dykkar jordiske herrar, med otte og age og av eit ærleg hjarta som mot Kristus sjølv.

6. Ver ikkje augnetenarar, som berre vil gjera menneske til lags, men Kristi tenarar som heilhjarta gjer Guds vilje.

7. Ver ihuga i tenesta, som var det for Herren og ikkje for menneske.

8. De veit at kvar og ein skal få løn av Herren for det gode han gjer, anten han er fri eller træl.

9. Det same skal de herrar gjera mot trælane. Lat vera å truga! De veit at både dei og de har same Herren i himmelen, og han gjer ikkje skil på folk.

Guds fulle rustning

10. Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft!

11. Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak.

12. For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda.

13. Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande.

14. Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje,

15. og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid.

16. Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde.

17. Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord.

18. Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.

19. Bed for meg òg, at eg må få dei rette ord når eg skal tala, så eg med frimod kan forkynna løyndomen i evangeliet,

20. som eg er sendebod for her i fengslet òg. Bed om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.

Sluttord

21. For at de òg skal få vita korleis eg har det og korleis det står til med meg, skal Tykikus fortelja dykk alt. Han er vår kjære bror og ein trufast Herrens tenar.

22. Eg sender han til dykk nett for at de skal få høyra korleis vi har det, og for at han skal gje dykk nytt mot.

23. Fred vere med brørne, og kjærleik og tru frå Gud, Faderen, og frå Herren Jesus Kristus!

24. Nåde og uforgjengeleg liv vere med alle som elskar vår Herre Jesus Kristus!