Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Efesarane 3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Paulus, apostel for heidningane

1. Difor bøyer eg mine kne, eg, Paulus, som no er Jesu Kristi fange for dykkar skuld, de heidningar.

2. De har høyrt om den nåden Gud har gjeve meg, at eg skal vera ein hushaldar hjå dykk over den løyndomen

3. som vart kunngjord for meg i ei openberring. Dette har eg med nokre få ord skrive om ovanfor.

4. Og når de les det, kan de skjøna kor vel eg kjenner Kristi løyndom.

5. I farne ætter fekk ikkje menneska vita om denne løyndomen, men no har han ved Anden vorte openberra for hans heilage apostlar og profetar:

6. at heidningane er medarvingar; dei høyrer med til same lekamen og har del i lovnaden – i Kristus Jesus og ved evangeliet.

7. Og eg vart ein tenar for evangeliet då Gud greip inn med si kraft og gav meg si nådegåve.

8. Eg som er den ringaste av dei heilage, har fått den nåde å forkynna for folkeslaga den glade bodskapen om Kristi ufattelege rikdom

9. og føra Guds frelsesplan fram i ljoset, den løyndomen som frå evig tid har vore løynd hjå Gud, han som skapte alt.

10. Såleis skulle hans mangfaldige visdom kunngjerast gjennom kyrkja for maktene og herredøma i himmelrømda.

11. Dette hadde Gud sett seg føre frå evig tid, og no har han fullført det i Kristus Jesus, vår Herre.

12. I han har vi frimod, og i trua på han kan vi koma fram for Gud med tillit.

13. Difor bed eg dykk: Miss ikkje motet om eg lyt lida for dykkar skuld. Det er ei ære for dykk!

Bøn om styrke og skjøn

14. Difor bøyer eg mine kne for Faderen,

15. han som har gjeve namn til alt som heiter far og born i himmel og på jord.

16. Eg bed om at han som er så rik på herlegdom, må styrkja dykkar indre menneske med si kraft og sin Ande,

17. så Kristus ved trua kan bu i hjarto dykkar, og de kan vera rotfeste og grunnfeste i kjærleik.

18. Då skal de saman med alle dei heilage maktast å fatta breidd og lengd, høgd og djupn,

19. ja, kjenna heile Kristi kjærleik som er større enn nokon kan skjøna, og verta fylte med all Guds fullnad.

20. Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar,

21. han skal ha ære i kyrkjelyden og i Kristus Jesus gjennom alle ætter og i alle æver! Amen.