Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Filipparane 1 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Helsing

1. Paulus og Timoteus, Jesu Kristi tenarar, helsar alle dei heilage i Kristus Jesus, dei som bur i Filippi, med tilsynsmenn og diakonar.

2. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

Takk og bøn for kyrkjelyden

3. Eg takkar alltid min Gud når eg tenkjer på dykk.

4. Og kvar gong eg bed for dykk alle, gjer eg det med glede.

5. For frå fyrste dagen og til no har de vore med i arbeidet for evangeliet.

6. Og eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.

7. Det er berre rett at eg tenkjer så om dykk alle. For eg ber dykk i hjarta, og de har alle del med meg i nåden, både når eg er i fengsel, og når eg forsvarar og stadfester evangeliet.

8. Ja, Gud er mitt vitne på at eg lengtar etter dykk alle med Kristi Jesu hjartelag.

9. Og dette bed eg om, at kjærleiken dykkar må verta rikare og rikare på dømekraft og skjøn,

10. så de i dei ymse spørsmål kan døma om kva som er rett. Då kan de stå reine og lytelause på Kristi dag,

11. fylte av rettferds frukt som veks fram ved Jesus Kristus, Gud til lov og ære.

Alt som har hendt, tener evangeliet

12. Eg vil de skal vita, brør, at det som har hendt meg, heller har vorte til framgang for evangeliet.

13. Det er kjent i heile borga og mellom alle dei andre, at det er for Kristi skuld eg er i lekkjer.

14. Gjennom mitt fangenskap har dei fleste av brørne fått ei slik tillit til Herren at dei med endå større frimod enn før vågar å tala Guds ord.

15. Det finst nok dei som forkynner Kristus fordi dei er misunnelege og vil ha strid, men somme gjer det av god vilje.

16. Dei forkynner Kristus av kjærleik, fordi dei veit at eg er sett til å forsvara evangeliet.

17. Dei andre gjer det for å hevda seg og ikkje med ærleg hug, i den tru at dei kan gjera fangenskapet mitt tyngre å bera.

18. Men kva gjer det? Kristus vert i alle høve forkynt, kva måte det så vert gjort på, anten dei gjer det med baktankar eller i sanning, og det gleder eg meg over. Og eg vil halda fram med det.

19. For eg veit at alt dette skal verta til frelse for meg, av di de bed for meg, og Jesu Kristi Ande gjev meg hjelp.

20. Eg vonar og ventar at eg ikkje skal verta til skammar i noko, men at alle, no som alltid før, skal få sjå kor stor Kristus er ved det som hender med meg, anten eg lever eller døyr.

21. For meg er livet Kristus og døden ei vinning.

22. Men kan eg gjera eit arbeid som ber frukt om eg lever lenger, då veit eg ikkje kva eg skal velja.

23. Eg kjenner meg dregen til begge sider: Eg har hug til å fara herifrå og vera saman med Kristus, for det er så mykje, mykje betre.

24. Men for dykkar skuld er det meir naudsynt at eg får leva.

25. Det er eg viss på, og difor veit eg at eg skal få leva og vera hjå dykk alle og hjelpa dykk til framgang og glede i trua.

26. Og når eg kjem til dykk att, skal de i Kristus Jesus få rikeleg grunn til å prisa dykk lukkelege for mi skuld.

Strid for evangeliet, med Kristi sinnelag

27. Så gjeld det berre at de lever eit liv som er Kristi evangelium verdig. Anten eg no kjem og sjølv ser dykk, eller eg er borte, så lat meg få høyra at de står faste i éin Ande og samhuga strider for trua på evangeliet,

28. og ikkje på nokon måte lèt dykk skræma av motstandarane. Dette er eit varsel frå Gud sjølv, for dei om fortaping, men for dykk om frelse.

29. Dykk vart det gjeve, ikkje berre å tru på Kristus, men òg å lida for han.

30. De har den same striden som de såg at eg hadde, og som de no høyrer at eg har.