Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Efesarane 4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Einskapen i kyrkja

1. Så legg eg dykk på hjarta, eg som er fange for Herrens skuld, at de må leva eit liv som er verdig det kallet de har fått.

2. Ver audmjuke, ta dykk ikkje til rettes, men ver tolsame, så de ber over med kvarandre i kjærleik.

3. Legg vinn på å vera eitt i Anden, i den fred som bind saman:

4. Ein lekam, ein Ande, liksom de fekk ei von då de vart kalla,

5. ein Herre, ei tru, ein dåp,

6. ein Gud og Far for alle, han som er over alle, gjennom alle og i alle.

7. Nåden er gjeven kvar einskild av oss alt etter som Kristi gåve vert tilmælt.

8. Difor står det:Han steig opp i det høgeog førte bort fangar;han gav menneska gåver.

9. Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han fyrst hadde stige ned til det djupaste av jorda?

10. Og han som steig ned, han er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt.

11. Det var han som gav gåver: Han sette somme til apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar.

12. På den måten ville han gjera dei heilage fullt dugelege til teneste, så Kristi lekam kan byggjast opp,

13. til vi alle når fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han, og vi vert den mogne mann, som har nått sin fulle vokster og fått heile Kristi fullnad.

14. Så skal vi ikkje lenger vera umyndige, ikkje la oss kasta hit og dit og driva om av kvart lærdomsver, så vi vert eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster.

15. Vi skal vera true mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus.

16. Han gjev heile lekamen vokster og gjer at han vert sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmælt. Såleis veks lekamen og vert oppbygd i kjærleik.

Det gamle og det nye mennesket

17. Så bed eg dykk inntrengjande i Herrens namn: Lev ikkje lenger som heidningane! Tankane deira er tome,

18. vitet deira formørkt, og dei er framande for livet i Gud. For hjarto deira har vorte forherda, så dei ikkje kjenner han.

19. Dei er utan skamkjensle og har kasta seg ut i sedløyse, dei lever i allslags umoral og jagar etter pengar.

20. Men det er ikkje på den måten de har lært Kristus å kjenna!

21. De har då høyrt om han og fått opplæring om han etter den sanning som er i Jesus.

22. De skal ikkje leva som før, men leggja av det gamle mennesket som vert tynt av dei forførande lystene.

23. De må fornyast i sjel og sinn

24. og ikle dykk det nye mennesket, som er skapt etter Guds bilete, til eit liv i rettferd og heilagdom i samsvar med sanninga.

25. Legg difor av lygna og tal sanning, kvar med sin neste! Vi er då lemer som høyrer kvarandre til.

26. Vert de harme, så synda ikkje, og lat ikkje sola gå ned over vreiden dykkar!

27. Lat ikkje djevelen sleppa til!

28. Den som stal, skal ikkje stela lenger, men arbeida og gjera noko nyttig med hendene sine, så han kan ha noko å gje til dei som treng det.

29. Ingen roten tale må koma frå dykkar munn! Sei berre det som godt er og som tener til oppbygging der det trengst, så det kan verta til velsigning for dei som høyrer på.

30. Gjer ikkje Guds Heilage Ande sorg, for Anden er det seglet de ber til utløysingsdagen.

31. Ver ikkje harde, hissige og sinte, og hald opp med skrål og spott og all annan vondskap.

32. Ver gode mot kvarandre og vis medkjensle, så de tilgjev kvarandre, liksom Gud har tilgjeve dykk i Kristus.