Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Efesarane 1 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Helsing

1. Paulus, etter Guds vilje Jesu Kristi apostel, helsar dei heilage i Efesos, dei som trur på Kristus Jesus.

2. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

Gud vere lova for nåden i Kristus!

3. Lova vere Gud, ¬vår Herre Jesu Kristi Far,han som i Kristus ¬har velsigna ossmed all Andens velsigning ¬i himmelen.

4. I Kristus har han valt oss ut ¬før verda vart skapt,så vi skulle vera heilage ¬og lytelause for hans åsyn.

5. I kjærleik og av eigen fri viljehar han føreåt etla osstil å få barnekår hjå seg ¬ved Jesus Kristus,

6. til lov og ære ¬for hans herlegdomog for den nåde han gav oss ¬i sin kjære Son.

7. I han har vi utløysingasom vart vunnen ved hans blod,forlating for syndene.Så rik er hans nåde,

8. som han i rikt mål ¬har late oss få.Han gav oss all visdom ¬og alt skjøn,

9. då han kunngjorde oss ¬løyndomen om sin vilje,den frie avgjerd han hadde teke

10. om å fullføra sin frelsesplan ¬når tida var inne:å sameina alt i Kristus,både det i himmelen ¬og det på jorda.

11. I han har vi fått arvelut,vi som føreåt var etla til detetter Guds forsett,han som gjennomfører alle tingetter sin plan og vilje.

12. Så skulle vi vera til lov og ære ¬for hans herlegdom,vi som alt no har sett vår von ¬til Kristus.

13. I han kom de òg til trudå de høyrde sanningsordet,evangeliet om frelsa dykkar.I han er de merkte med eit segl,Den Heilage Ande ¬som var lova,

14. han som er pantet på arven vårtil dess utløysinga kjem ¬for Guds folk,til lov og ære ¬for hans herlegdom.

Takk og bøn

15. Difor held eg ikkje opp med å takka Gud for dykk når eg kjem dykk i hug i bønene mine.

16. For eg har høyrt om dykkar tru på Herren Jesus og om dykkar kjærleik til alle dei heilage.

17. Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna.

18. Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage,

19. og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke

20. reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen,

21. over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande.

22. Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja,

23. som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.