Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 2 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Menneska skal gjera rekneskap for Gud

1. Difor har du ikkje noko å unnskylda deg med, du menneske som dømmer, kven du så er. Når du dømmer ein annan, fordømmer du deg sjølv. For du som dømmer, gjer sjølv det same.

2. Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som driv med slikt.

3. Men når du, menneske, dømmer dei som gjer dette, og sjølv gjer det same, meiner du då at du skal sleppa unna Guds dom?

4. Eller foraktar du at han er grenselaust god, tolmodig og langmodig? Skjønar du ikkje at Guds godleik driv deg til omvending?

5. Med ditt harde hjarte som ikkje vil venda om, hopar du opp vreide over deg til vreidedagen, når Gud openberrar sin rettferdige dom.

6. Han skal løna kvar og ein etter det han har gjort:

7. Dei som trufast gjer det gode og søkjer herlegdom, ære og uforgjengelegdom, skal få evig liv.

8. Men dei som berre tenkjer på seg sjølve, som er ulydige mot sanninga og lèt seg leia av uretten, har vreide og harme i vente.

9. Naud og angst skal koma over kvart menneske som gjer det vonde, jøde først og så grekar.

10. Men herlegdom, ære og fred skal den få som gjer det gode, jøde først og så grekar.

11. For Gud gjer ikkje forskjell på folk.

12. Alle som synda utan lova, skal gå fortapt utan lova. Og alle som synda under lova, skal dømmast etter lova.

13. For det er ikkje dei som høyrer lova, som er rettferdige for Gud. Nei, dei som gjer det lova seier, dei skal han rekna som rettferdige.

14. For når heidningane, som ikkje har lova, av naturen gjer det lova krev, då er dei seg sjølve ei lov, endå dei ikkje har lova.

15. Dei viser med dette at det lova krev, står skrive i hjarta deira. Samvitet deira vitnar òg om det, når tankane deira anten skuldar dei eller forsvarar dei.

16. Dette skal bli klårt den dagen Gud ved Jesus Kristus dømmer det løynde i menneska, etter det evangeliet eg har forkynt.

Jødane og lova

17. Og du som kallar deg jøde: Du stolar på lova og er stolt av din Gud,

18. du kjenner hans vilje og kan dømma om kva som er viktig, fordi du er opplærd i lova.

19. Du er sikker på at du kan vera ein vegvisar for blinde, eit lys for dei som er i mørker,

20. ein oppsedar for uvituge og ein lærar for umyndige, ettersom du i lova har kunnskapen og sanninga i si rette form.

21. Du som vil læra andre, lærer du ikkje deg sjølv? Du som forkynner at ein ikkje skal stela, stel du?

22. Du som seier at ein ikkje skal bryta ekteskapet, bryt du ekteskapet? Du som ser på avgudane med avsky, plyndrar du templa deira?

23. Du som er så stolt av lova, du vanærar Gud når du bryt lova.

24. For dykkar skuld blir Guds namn spotta mellom heidningane, som det står skrive.

25. Omskjeringa er nok til gagn for deg om du held lova. Men bryt du lova, er du som ein uomskoren.

26. Men om ein som er uomskoren, held lovboda, skal ikkje han då reknast som omskoren, endå han ikkje er det?

27. Den som er uomskoren fysisk, men held lova, skal dømma deg. For endå du er omskoren og har lova i bokstavleg form, så bryt du lova.

28. For rett jøde er ikkje den som er jøde i det ytre, og rett omskjering er ikkje det som er gjort i det ytre, på kroppen.

29. Jøde er den som er jøde i det indre, og omskoren er den som er omskoren i hjartet, ved Anden, ikkje etter bokstaven. Han får ikkje ros av menneske, men av Gud.