Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Fridom frå lova

1. Eller veit de ikkje, mine sysken – for eg talar då til folk som kjenner lova – at lova rår over eit menneske berre så lenge det lever?

2. Ei gift kvinne er av lova bunden til mannen sin så lenge han lever. Men døyr mannen, er ho løyst frå den lova som batt henne til mannen.

3. Difor kan ho kallast ekteskapsbrytar om ho gifter seg med ein annan medan mannen lever. Men døyr mannen, er ho fri frå lova og er ingen ekteskapsbrytar om ho gifter seg med ein annan.

4. Slik er det òg med dykk, mine sysken. Gjennom Kristi kropp har de døydd bort frå lova. De høyrer ein annan til, han som stod opp frå dei døde, for at vi skal bera frukt for Gud.

5. Då kjøtet hadde makta over oss, gjorde lova at dei syndige lystene vart vekte til live i lemene våre, så vi bar frukt for døden.

6. Men no er vi løyste frå lova, fordi vi har døydd frå det som heldt oss bundne. Difor tener vi Gud i eit nytt liv i Anden, og ikkje i det gamle, etter bokstaven.

Lova og synda

7. Kva skal vi då seia? Er lova synd? Langt ifrå! Men utan lova hadde eg ikkje visst om synda. Eg hadde ikkje visst kva lyst er, om ikkje lova sa: Du skal ikkje lysta.

8. Synda brukte bodet til å vekkja alle slags lyster i meg, men utan lova er synda død.

9. Eg levde ei tid utan lova. Men då bodet kom, fekk synda liv,

10. og eg døydde. Slik viste det seg at bodet som skulle gje liv, førte til død.

11. For synda brukte bodet til å narra og drepa meg.

12. Lova er altså heilag, og bodet er heilagt, rett og godt.

13. Men har så det gode ført til døden for meg? Langt ifrå! Men synda brukte det gode til å føra meg i døden, for å gjera det klårt korleis synda er: Gjennom bodet skulle synda visa seg å vera over all måte syndig.

14. Vi veit at lova er åndeleg, men eg er av kjøt og blod, seld som slave til synda.

15. For eg skjønar ikkje kva eg sjølv gjer. Det eg vil, det gjer eg ikkje, og det eg avskyr, det gjer eg.

16. Men gjer eg det eg ikkje vil, då gjev eg lova rett i at ho er god.

17. Så er det ikkje eg som gjer det, men synda som bur i meg.

18. For eg veit at i meg bur det ikkje noko godt, det vil seia i mitt kjøt. Viljen har eg, men å fullføra det gode maktar eg ikkje.

19. Det gode som eg vil, det gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg.

20. Men gjer eg det eg ikkje vil, då er det ikkje eg som gjer det, men synda som bur i meg.

21. Så finn eg altså at denne lova gjeld for meg: Eg vil gjera det gode, men kan ikkje anna enn gjera det vonde.

22. Mitt indre menneske seier med glede ja til Guds lov.

23. Men i lemene mine kan eg sjå ei anna lov. Ho ligg i strid med lova i mitt sinn og gjer meg til fange under syndelova, som er i lemene.

24. Eg arme menneske! Kven skal fri meg frå denne dødens kropp?

25. Gud vere takk ved Jesus Kristus, vår Herre! Slik er altså eg: Med sinnet tener eg Guds lov, men med kjøtet tener eg syndelova.