Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Abrahams tru

1. Kva skal vi då seia om Abraham, vår jordiske stamfar? Kva oppnådde han?

2. Vart Abraham rettferdig for Gud på grunn av gjerningar, då har han noko å vera stolt av. Men det har han ikkje for Gud.

3. For kva seier Skrifta? Abraham trudde Gud, og difor rekna Gud han som rettferdig.

4. Den som gjer eit arbeid, får løn etter forteneste, ikkje av nåde.

5. Annleis er det med den som ikkje har gjerningar, men trur på han som rettferdiggjer den ugudelege. Han blir rekna som rettferdig fordi han trur.

6. Slik prisar òg David det mennesket sælt som Gud reknar som rettferdig utan at det har gjerningar:

7. Sæle er dei som har fått sine brot tilgjevne og sine synder tildekte.

8. Sælt er det mennesket som Herren ikkje tilreknar synd.

9. Dei som her blir prisa sæle, er det berre dei omskorne eller er det dei uomskorne òg? Vi sa at Abraham vart rekna som rettferdig fordi han trudde.

10. Korleis gjekk det til? Var det før eller etter at han vart omskoren? Det var før han vart omskoren.

11. Og omskjeringa fekk han til eit teikn som skulle stadfesta den rettferda av tru som han hadde før han vart omskoren. Slik skulle han bli far til alle uomskorne som trur, så dei kan reknast som rettferdige.

12. Men han skulle òg bli far til dei omskorne når dei ikkje berre har omskjeringa, men òg følgjer etter Abraham, far vår, og eig den trua han hadde før han vart omskoren.

Lovnaden til Abraham

13. For det var ikkje ved lova Abraham eller ætta hans fekk lovnaden om at han skulle bli arving til verda, men ved den rettferda ein får ved tru.

14. Er det dei som held seg til lova, som er arvingar, då er trua utan meining og lovnaden sett ut av kraft.

15. For lova kallar fram vreide, men der det ikkje finst lov, finst det heller ikkje lovbrot.

16. Difor fekk han lovnaden fordi han trudde, så alt skulle vera av nåde. Då kan lovnaden stå fast for heile etterslekta hans, ikkje berre for dei som har lova, men òg for dei som har same tru som Abraham. For han er far for oss alle,

17. som det står skrive: Eg har gjort deg til far for mange folk. Han er vår far i Guds auge; for han trudde Gud, han som gjer dei døde levande og byd at det som ikkje er, skal bli til.

18. Endå alt håp var ute, heldt Abraham fast på håpet og trudde, og difor vart han far til mange folkeslag, som det var sagt han: Så talrik skal ætta di bli.

19. Han var då nesten hundre år, men han vart ikkje veik i trua når han tenkte på at hans eigen kropp var utan kraft og at Sara var for gammal til å bli mor.

20. Han var ikkje vantru og tvila ikkje på Guds lovnad, men var sterk i trua og gav Gud ære.

21. For han var overtydd om at det Gud hadde lova, det hadde han òg makt til å gjera.

22. Difor vart han rekna som rettferdig.

23. Men det var ikkje berre for hans skuld dette vart skrive om han.

24. Det gjeld oss òg. Vi skal reknast som rettferdige når vi trur på han som reiste Jesus, vår Herre, opp frå dei døde,

25. han som vart overgjeven til døden for våre synder og oppreist for at vi skulle bli rettferdige.