Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Kva fordel har så jøden, eller kva gagn er det i omskjeringa?

2. Mykje, på alle måtar! Først og fremst det at Guds ord vart tiltrudd dei.

3. Men kva så om somme av dei har vore trulause? Kan deira truløyse oppheva Guds truskap?

4. Langt ifrå! Lat det stå fast at Gud talar sanning, men kvart menneske er ein løgnar. For det står skrive: Så du skal få rett når du talar, og vinna når du fører sak.

5. Men om vår urett endå klårare viser Guds rettferd, kva skal vi då seia? Er ikkje då Gud urettferdig, menneskeleg tala, når han lèt vreiden koma over oss?

6. Langt ifrå! Korleis skulle Gud elles kunna dømma verda?

7. Men om mi løgn endå klårare viser at Gud talar sanning, og han får ære ved det, kvifor skal eg då dømmast som ein syndar?

8. Skal vi ikkje då like godt gjera det vonde, så det kan føra til det gode? Det finst dei som spottar oss og seier at det er dette vi lærer. Dei skal få den dommen dei fortener.

Alle har skuld

9. Kva skal vi seia til dette? Har vi jødar nokon fordel framfor andre? Nei, på ingen måte! Vi har då nettopp skulda både jødar og grekarar og sagt at dei er under synd alle saman,

10. som det òg står skrive: Det finst ingen rettferdig, ikkje ein einaste.

11. Det finst ingen vitug, ikkje éin som søkjer Gud.

12. Alle er komne på avveg, alle er dei forderva. Det finst ikkje éin som gjer det gode, ikkje ein einaste.

13. Ei open grav er strupen deira, på tunga ligg falske ord, under leppene ormegift,

14. munnen er full av forbanning og harde ord.

15. Lette er dei på foten når dei vil ausa ut blod,

16. der dei fer, er det øydelegging og naud,

17. og freds veg kjenner dei ikkje.

18. Frykt for Gud har dei ikkje for auge.

19. Vi veit at alt det lova seier, det seier ho til dei som har lova, så kvar munn skal teia og heile verda stå skuldig for Gud.

20. Ikkje noko menneske blir rettferdig for Gud på grunn av gjerningar som lova krev. Lova gjer berre at vi lærer synda å kjenna.

Rettferd ved trua

21. Men no er Guds rettferd, som lova og profetane vitnar om, openberra utanom lova.

22. Dette er Guds rettferd som blir gjeven ved trua på Jesus Kristus til alle som trur. Her er det ingen skilnad,

23. for alle har synda og manglar Guds herlegdom.

24. Men ufortent og av hans nåde blir dei kjende rettferdige, frikjøpte i Kristus Jesus.

25. Han har Gud stilt synleg fram, så han med sitt blod skulle vera soningsstaden for dei som trur. Slik viste Gud si rettferd. For han hadde før, i sitt tolmod, halde tilbake straffa for dei syndene som var gjorde.

26. Men i vår tid ville han visa si rettferd, både at han sjølv er rettferdig, og at han seier rettferdig den som trur på Jesus.

27. Kva har vi då å vera stolte av? Ingenting! Etter kva lov? Lova om gjerningar? Nei, lova om tru.

28. For vi hevdar at mennesket blir rettferdig ved tru, utan lovgjerningar.

29. Eller er Gud berre Gud for jødane? Er han ikkje Gud for dei andre folka òg? Jau, for dei òg.

30. For Gud er éin, han som rettferdiggjer dei omskorne av tru og dei uomskorne ved den same trua.

31. Opphevar vi då lova med trua? Langt ifrå! Vi stadfester lova.